I år kjører ein million
bilar over Osterøybrua



Rykande ferske tal syner at over 19.000 fleire kjøretøy passerte Kvisti i fjor enn året før. Alt tyder på at meir enn ein million bilar kjører over Osterøybrua i år. Talet på ferjepassasjerar har stabilisert seg.


Klikk for større bilde
 - Frode Fjellstad
HISTORISK: Trafikken over Osterøybrua aukar jamnt og trutt. I løpet av 2010 er det venta at minst ein million kjøretøy passerer den automatiske bomstasjonen på Kvisti.
Foto: Frode Fjellstad


Publisert: 22. jan. 2010, 08:19
Oppdatert: 22. jan. 2010, 08:23


Bomstasjonen på Kvisti registrerte i alt 990.564 passeringar i 2009. Det er ein auke på 19.270 bilar, eller 1,98 prosent, i høve til året før, noko som er heilt i tråd med budsjettet til Osterøy Bruselskap AS.

Frykta utflating
- Eg må faktisk innrøma at eg frykta auken skulle flata ut grunna finanskrisa, med permitteringar og liknande. Om ein ser på situasjonen for næringslivet på Osterøy, med dei vanskane dei har hatt - og framleis har, vil eg seia meg godt nøgd med resultatet, seier styreleiar Birger Skår.

Desembertala er førebels ikkje formelt godkjende, men det er eventuelt berre snakk om minimale justeringar. Statistikken syner at Skår og bruselskapet blei «redda» av gode tal for årets to siste månader. Ein auke på drygt 4.000 passeringar i november og 3.000 i desember, samanlikna med året før, hjelpte godt på årsrekneskapen.

Skår fortel at selskapet har budsjettert med to prosent auke dei par siste åra, og at dei oftast har treft bra.

- Vi har kome godt ut av det, og ofte vore litt i overkant.

Frå år 2000 til 2008 har talet på bompasseringar gått opp med heile 77 prosent.

Dersom auken på to prosent gjentek seg i år, vil det i 2010 passera godt over ein million kjøretøy på Kvisti.

Ferje i fire år
Osterøy Ferjeselskap AS fører separate statistikkar for dei ulike kjøretøyklassane. Dagleg leiar Leiv-Magne Skaar tek utgangspunkt i tala på småbilar som har reist med ferja når han skal kommentera utviklinga. Etter ein sterk nedgang i talet på ferjepassasjerar på starten av tiåret, tyder mykje på at småbiltalet no har stabilisert seg på omkring 180.000 årleg.

Tala for 2009 syner ein minimal oppgang på vel ein prosent frå året før, frå 181.724 til 183.844. Medan første kvartal viste tilbakegang, fortel tala frå haustmånadane auke i høve til i fjor.

- Så lenge det ikkje går ned totalt sett, er vi nøgde. Ferja er ikkje organisert som ein butikk, men som eit tilbod til befolkninga, seier Skaar. Den daglege leiaren meiner mykje tyder på at ferjetrafikken mellom Valestrand og Breistein vil halda fram i alle fall til 2014, når brua er nedbetalt og blir bompengefri.

- Etter det får vi sjå korleis det går. Det blir ein heilt ny situasjon, men avstandane er dei same, seier Skaar.

- Om ferja ikkje blir brukt, går ho ikkje. Folk må vurdera kva dei vil gjera. Det kan jo henda at bensinen vil kosta 20 kroner literen, og då vil vel ferja bli meir attraktiv, meiner han.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt