Foreldre bak planar om ny skule



Interessa for å gå på ein privat kristen ungdomsskule på Osterøy er så stor at tilbodet kanskje kan koma alt til hausten.


Klikk for større bilde
 - André Leknessund Wik
FORELDRE-INITIATIV: Jarle Skeidsvoll (f.h.), Anne Cecilie Skeidsvoll, Jostein Fossmark, Siv Fossmark, Helga Askeland Mjelstad, Bent-Are Mjelstad og Thoralf Solberg ønskjer å starta privat ungdomsskule på Osterøy, driven av Danielsen skoler. Også Marianne Solberg er med i foreldregruppa.
Foto: André Leknessund Wik


Publisert: 26. jan. 2010, 08:01
Oppdatert: 27. jan. 2010, 09:25


For halvtanna år sidan byrja ein gjeng foreldre på Osterøy å lufta tanken om eit kristent alternativ til den kommunale ungdomsskulen. Etter dette har tankane modnast meir og meir, og for om lag tre veker sidan starta dei ringjerunden til alle dei kjende som har born under 13 år. I løpet av desse vekene har dei fått 130 born på lista.

Ikkje misnøye
KrF-politikaren Jarle Skeidsvoll er ein av dei åtte foreldra som har jobba med planane, og han presiserer at det ikkje først og fremst er misnøye med ungdomsskulen på Hatland som er bakgrunnen for ønskjet om eit alternativ.

- Nei, det har det ikkje vore for oss som har jobba med planane. Når det er sagt, så skal det ikkje stikkast under ein stol at misnøye med den kommunale ungdomsskulen kan ha vore eit argument for enkelte av dei vi har kontakta, og som no står på lista vår. Men vi som står bak idêen gjer dette fordi vi ønskjer eit alternativt verdigrunnlag i osterøyskulen, seier Skeidsvoll.

20 elevar
Foreldregruppa har hatt kontakt med Danielsen skoler i Bergen. Dei driv både vidaregåande skule, to ungdomsskular, intensivgymnas og barneskule, og alt er organisert i stiftinga Egill Danielsen Stiftelse.

Administrasjonsleiar Bernhard Belt ved Danielsen skoler opplyser til Bygdanytt at dei har som utgangspunkt at det bør vera 20 elevar i kvar klasse for at kostnadane ikkje skal bli for høge.

- Det er dette som er utgangspunktet, men det vi har opplevd der vi har starta ein skule er ein svært stor vekst i elevtalet. Då vi begynte i sentrum i 1986, hadde vi berre 26 elevar. I dag har vi 270. Like stor vekst blir det nok ikkje i mindre kommunar, seier Belt.

Godt i gang
Men det er lite som tyder på at det vil bli store problem med å skaffa nok elevar på Osterøy. Skeidsvoll opplyser at dei allereie har eit snitt på 10-15 elevar per klasse. Det lovar bra for at skulen kan bli ein realitet.

- Vi er både optimistiske og entusiastiske med omsyn til at det kjem eit tilbod om ein privat skule, seier Skeidsvoll.

- Som politikar i kommunen har du budsjettansvar. Er du ikkje no med på å spenna beina under kommuneøkonomien når kommunen misser fleire millionar kroner i elevtilskot?

- Nei, snarare tvert imot. Eg trur faktisk at dette kan bli positivt for kommunen, som ikkje misser heile elevtilskotet. Eg reknar med at kommunen før eller seinare hadde måtta byggja ut ungdomsskulen fordi det er trongt alt i dag, men også for å kunna ta imot alle dei ekstra ungdomane kommunen kan få grunna bustadbygging. Å ha fleire ungdomsskular i ein kommune kan føra til at dei vil samarbeida med kvarandre, læra av kvarandre og bidra til at begge skulane blir endå betre, seier Skeidsvoll.

Kommunen positiv
KrF-politikaren har også vore i møte med ordføraren og rådmannen om planane. Dei var ikkje særleg uroa over den økonomiske biten.

- Nei, eg opplevde møtet som positivt, og det gler oss som står bak planane, seier Skeidsvoll.

Han er ikkje berre medlem i heradsstyret på Osterøy. I samband med arbeida for å redusera utgiftene i skulesektoren har heradsstyret sett ned ei arbeidsgruppe som jobbar med dette. Skeidsvoll leier denne gruppa, men det meiner han ikkje skal bli noko problem.

Skilja rollene
- Dette har eg sjølvsagt tenkt litt på, men eg er trygg på at eg vil greia å skilja dei to rollene frå kvarandre. I rolla som politikar har eg kjempa, og vil famleis kjempa med nebb og klør, for ressursane til Osterøy-elevane. Så dette er eg trygg på skal gå bra, seier Skeidsvoll.

Det kan bli aktuelt å starta opp det private ungdomsskuletilbodet alt til hausten. Då har den vidaregåande skulen flytta ut av sine lokale i forretningsbygget i Lonevåg og inn i nye lokale ved ungdomsskulen, og desse lokala er interessante. Men foreldra er også opne for andre mogelege plasseringar.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt