Drifta ved Ådnatun Museum står i fare for å bli lagt ned dersom ikkje eitt av
musea i fylket overtar ansvaret. Styret i Arna Sogelag får ikkje ein gong
svar på alle breva dei har sendt i saka.
UVISS LAGNAD: Skrivar Egil Ytrearne (tv) og kasserar John Berg i Arna Sogelag fryktar at Ådnatun Museum må segla sin eigen sjø dersom sogelaget ikkje lenger kan ta på seg ansvaret for drifta.
Foto: Ronny Bertelsen
Kasseraren og skrivaren i Arna Sogelag seier til Bygdanytt at 2010 blir eit
svært viktig år både for laget og Ådnatun. For sogelaget fordi dei fryktar å
måtta seia frå seg ansvaret dei har tatt med museet og bygningsmassen. For
museet kan dette igjen tyda forfall, fordi ingen andre ønskjer å ha dette
ansvaret.
Trist og tragisk
- Det vil vera både dramatisk, tragisk og trist for sogelaget, museet,
bydelen og kommunen dersom ingen tar seg av denne skatten. I sogelaget har
vi ingen konservator som kan gjera den museumsjobben som trengst, seier John
Berg, kasserar i sogelaget.
I dag meiner sogelaget at det museumsfaglege ansvaret for Ådnatun ligg hos
Osterøy Museum, som igjen høyrer til det konsoliderte Museumssenteret i
Hordaland. Det store spørsmålet er likevel om dette verkeleg er slik. I
samband med konsolideringsplanen for musea i Hordaland var Ådnatun tatt med
i avtalen med Osterøy Museum, men i fjor haust fekk sogelaget tilfeldig vita
at Ådnatun ikkje lenger var med i konsolideringa. Å vera med her er heilt
nødvendig for å få tildelt ressursar.
Fekk ikkje vita
I årsmeldinga til sogelaget går det fram at Ådnatun vart fjerna frå
museumsplanen i september 2003. Og etter 1. januar 2007 hadde ikkje Osterøy
Museum lenger nokon avtale med Ådnatun.
Egil Ytrearne er fersk som skrivar og styremedlem i sogelaget, og han vart
overraska og fekk bakoversveis då han såg alle breva laget hadde sendt utan
å få svar.
-Styret har sendt brev til alle dei involverte partane i denne saka, men ikkje
mottatt svar. Ikkje før i november i fjor då Osterøy Museum sende eit brev
vi ikkje vart særleg mykje klokare av, seier Ytrearne.
Enormt potensial
- Alt ligg til rette for at drifta av Ådnatun kan bli svært god - og til
glede for svært mange. Men nokon må ha drifts- og museumsansvaret. Håpet er
at tunet og bygningane kan ha fast opningstid, til dømes ein dag i veka i
sommarhalvåret. Tunet har eit enormt potensial, men vi treng fagfolk som kan
utnytta dette på beste måte, seier John Berg.
- Kva om det ikkje skjer?
- Enkelt kan ein seia at Arna sogelag låner Ådnatun av Fylkesmannen i
Hordaland, ettersom dette var ei stifting som fylkesmannen på visse vilkår
oppløyste. Seier vi takk for lånet, må fylkesmannen og fylkeskultursjefen
finna andre løysingar som er i tråd med testamentet etter Lars Ådna, seier
Berg.
Om eit par veker er det årsmøte i Arna sogelag, som har over 150 medlemmer.
Mykje tyder på at Ådnatun Museum vil bli ei sentral sak på møtet.