Lagnaden til Ådnatun kom så vidt opp på Osterøy Museum sin 90-årsfest for få
dagar sidan, der Randi Andersen og styreleiar Sigmund Olsnes i
Museumssenteret i Hordaland vart samde om å gå i dialog med Arna sogelag.
Med i planen
- Vi må seia oss leie for at vi ikkje har fått ordna opp i dette for lenge
sidan, men no kan eg lova at vi vil ta initiativ til eit møte med Arna
sogelag, der Ådnatun-avtalen står på sakskartet. Eg skjønar at drivkreftene
i sogelaget, som gjer ein utmerka jobb, er utolmodige etter svar. Det skal
dei få, seier Andersen.
- Er Ådnatun Museum ute av museumsplanen?
- Nei, Ådnatun er med i planen, og avtalen mellom museet og sogelaget følgde
med i avtalen som er gjort mellom Osterøy Museum og Museumssenteret i
Hordaland. Osterøy Museum har korkje hatt folk eller pengar til å gjera den
jobben for Ådnatun som vi så gjerne skulle ha utført.
Flott jobb
- Men Ådnatun er ikkje med i konsolideringa?
- Nei, og noko av bakgrunnen for dette er nok at Ådnatun ikkje hadde midlar å
ta med inn i eit slikt samarbeid.
- Men det ligg store verdiar i bygningane og samlingane?
- Heilt klart, og det er nesten ikkje mogeleg å koma med for mykje ros av den
jobben sogelaget har gjort med og på Ådnatun.
- Kva seier du til at sogelaget vurderer å seia frå seg ansvaret for Ådnatun?
- Det vil vera tragisk, så her må vi greia å finna løysingar som gjer at laget
framleis skal ha gnisten til å halda fram med dette flotte arbeidet, seier
Randi Andersen.