Svært kritisk til privat ungdomsskule



AUF-leiar i Hordaland, ostringen Tore Eikeland, sette kaffien i halsen då han såg oppslaget om foreldra som ønskjer å starta privat, kristen ungdomsskule.


Klikk for større bilde
 - Sindre Øye Helgheim
JUBLAR IKKJE: AUF-leiar i Hordaland, Tore Eikeland frå Valestrand, er svært kritisk til planane om ein privat kristen ungdomsskule på Osterøy.
Foto: Sindre Øye Helgheim


Publisert: 29. jan. 2010, 08:18
Oppdatert: 29. jan. 2010, 08:19


- Eg vart rett og slett provosert og irritert då eg las om foreldra som ønskjer å starta ein slik friskule på Osterøy. Eg meiner det bør vera eit mål at alle born og unge, uansett økonomisk bakgrunn, religion og livssyn, skal kunna gå i den same skulen for å få respekt for kvarandre, og ikkje minst blir vane med å møta andre menneske med ulik bakgrunn, seier Eikeland.

For lite negativ
AUF-leiaren meiner også ordføraren burde vore langt meir skeptisk enn det som kjem fram i artikkelen.

- Det overraskar meg at ikkje ein Ap-ordførar har ei langt meir negativ haldning til skuleprivatisering. For meg er det fullstendig ulogisk at den norske stat skal finansiera religiøse friskular slik ein gjer i dag. Eg meiner denne støtta burde vore fjerna for lengst. Osterøy-politikarane treng alle dei pengane dei får til å sikra eit best mogeleg skuletilbod til alle. Velstilte religiøse familiar på Osterøy bør ikkje kunna kjøpa seg rett til ei betre utdanning enn andre, seier Eikeland.

Betaler seg ut
- Er det betre at ein elev blir tvinga til å gå på ein skule der han eller ho til dømes blir mobba, enn at vedkomande får byta til ein privat skule?

- Eg ser heilt klart poenget med å byta skule i slike saker. Men det er ei dårleg løysing å betala seg ut av dette ved å kjøpa plass på ein kristen privatskule. Ressursane bør i staden brukast på å bli kvitt mobbeproblemet. Det oppnår ein ikkje ved å utarma ungdomsskulen endå meir, for det er dét som skjer når skulen må redusera budsjettet som følgje av lågare elevtal, seier Eikeland.

På Osterøy er det i dag to private barneskular som tilbyr pedagogikken til Maria Montessori. Eikeland opplyser at han ikkje er nokon varm tilhengjar av slike friskular heller, men han strekar under at han skil mellom kristne friskular og skular som tilbyr ein alternativ pedagogikk i høve til den offentlege skulen.

- Eg las på Danielsen skoler sine nettsider følgjande: «Å frykte Herren er begynnelsen til visdom». Eg blir ikkje akkurat mindre kritisk når eg les slikt. Kristendomen kan borna få til dømes ved å gå på søndagsskule, ikkje gjennom bøn på ungdomsskulen, seier Eikeland.

Rolleblanding
Eikeland er også kritisk til rolla Jarle Skeidsvoll (KrF) har både som heradsstyremedlem, leiar i gruppa som vurderer skulestrukturen i kommunen, og frontkjempar for ein ny privatskule.

- I staden for å arbeida for ein alternativ ungdomsskule bør Skeidsvoll kjempa for at den eksisterande ungdomsskulen blir betre. No kan det faktisk vera ein føremon for Skeidsvoll og dei andre foreldra som står bak planane at den kommunale ungdomsskulen ikkje blir betre. Då vil elevgrunnlaget til den private skulen berre bli større. Det er ikkje positivt at stadig fleire skular må dela på dei altfor få millionane skuleelevane får. Dette skurrar, synest Tore Eikeland.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt