Berit Borge er mellom dei mange som står på lista over foreldre som ønskjer
borna sine inn på den planlagte Danielsen skule på Osterøy. Ho er korkje rik
eller spesielt kristen. - AUF-leiar Tore Eikeland veit ikkje kva han snakkar
om, seier Borge.
IKKJE DYRT: Berit M. Borge likar det ho får høyra av administrasjonsleiar Bernhard Belt ved Danielsen skoler. Ho reagerer ikkje negativt på å måtta betala 9.800 kroner årleg for ein skuleplass.
Foto: Ronny Bertelsen
9.800 kroner
- Utan å kjenna fakta i saka konkluderer han med at dette er ein skule for
velstilte kristne. For det første veit eg at svært mange som står på lista
over interesserte ikkje er såkalla personleg kristne. Eg er ein av desse.
Rett nok går eg i kyrkja mellom anna når det er dåp, gravferd, bryllaup og
konfirmasjon, men eg er ikkje meir religiøs enn folk flest. Eg trur ikkje
Eikeland heilt veit kva han snakkar om, seier Borge.
Ho tilbakeviser også på det sterkaste at ein må vera velstilt for å gå på ein
privat skule. Administrasjonsleiar Bernhard Belt ved Danielsen skoler
opplyser til Bygdanytt at dei i dag tar 9.800 kroner i foreldrebetaling per
elev i ungdomsskulen. Dersom ein familie har fleire born på skulen, får dei
søskenmoderasjon.
Ikkje velstilt
Borge hevdar at ho slett ikkje er å rekna som velstilt. For det andre meiner
ho prisen ikkje er avskrekkande høg.
- Dette tilsvarar ei månadsbetaling på under tusen kroner. I høve til ein
kommunal skule som er gratis, blir det ein ekstrakostnad. Men dersom ein
skal ha eit barn i barnehage, kostar det nesten tre gonger så mykje. Eg
reagerer ikkje negativt på prisen, og for vårt vedkomande handlar dette om å
prioritera, presiserer Borge.
Sonen hennar skal byrja på ungdomsskulen til hausten. Difor håpar ho at
Osterøy får eit alternativ til den kommunale skulen alt i år. Ho har lite
lyst til at sonen skal byrja på ein skule som ho meiner har ei rekkje
utfordringar ein må løysa snarast.
Løys problema!
- Eg trur det er velkjent for dei fleste som har, eller har hatt, born på
ungdomsskulen at skulen slit med nokre få elevar som øydelegg for svært
mange. Hadde alt vore flott på Hatland, hadde desse foreldra neppe tatt
initiativet til å starta ein privat skule. Kommuneleiinga, skuleleiinga,
foreldra og elevane må ta tak i dette så raskt som mogeleg for å finna gode
løysingar. Gjer dei ikkje det, vil det bli svært stor interesse for å gå på
ein privat skule på Osterøy, seier Berit Borge.
Som medlem i heradsstyret er ho også skuleeigar. Men ho er ikkje med på at ho
no bidrar til å svekka den kommunale ungdomsskulen både økonomisk og fagleg.
Sparer pengar
- Med færre elevar vil ungdomsskulen spara pengar. Ikkje berre det. Den
private skulen får 85 prosent av overføringane frå staten per ungdom. Det
tyder at for kvar elev som går på ein privat skule, sit kommunen att med
over 10.000 kroner. Eg er også overtydd om at det å få ungdomsskulen sine
problem opp på overflata vil bidra til å få løyst dei, seier Borge.
Ho håpar foreldra no vil engasjera seg langt sterkare i mobbeproblema og
utfordringane skulen har med å halda disiplin.
- Det er noko som er fundamentalt gale når den som mobbar blir igjen på
skulen, medan den som blir mobba til slutt må skifta skule, seier Borge.