Legg ned i Arna og på Osterøy



Nordea vil i løpet av året leggja ned kontora sine både i Arna og på Osterøy. Ingen tilsette misser jobben.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
LEGG NED: Hildegunn Mjelstad (th) og Randi Vevle misser arbeidsplassen sin i Nordea på Osterøy i løpet av året, men er ikkje særleg sinte på regionsjef Dagfinn Neteland av den grunn.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 05. feb. 2010, 08:44
Oppdatert: 05. feb. 2010, 09:49


Han hadde ikkje vore i sjefsstolen meir enn eit halvt år, Dagfinn Neteland, før han måtte ta turen til Arna og Osterøy for å fortelja dei tilsette at dei snart vil få ein ny arbeidsplass i Nordea-systemet. Om ikkje dei jubla over bodskapen han hadde med seg, tykkjer Neteland at dei tok det med fatning.

Open dialog
- Eg har lagt stor vekt på å ha ein open dialog og ein ryddig prosess med dei dette gjeld, for eg har svært stor forståing for at ein del av dei er usikre. Ikkje berre vil dei få ein ny arbeidsplass, men dei vil også få mange nye kollegaer og kanskje også nye arbeidsoppgåver. På båe sider av fjorden tykkjer dei det er svært trist at kontora blir lagde ned, og dei tykkjer først og fremst at det er trist for tilbodet i distrikta, seier Neteland.

Den ferske regionsjefen, som har bakgrunn frå toppjobbar innan forsikring og HSD/Tide, avviser at Nordea legg ned kontora for å spara pengar. Forklaringa er først og fremst at bankkonsernet ønskjer å gjera ein endå betre jobb, og då særleg når det gjeld rådgjevarrolla dei har overfor kundane.

Viktig rolle
- Vi meiner bankane si rådgjeving er svært viktig i dag, og kjem til å bli endå meir sentral. Difor ønskjer vi mellom anna å styrkja denne delen av arbeidet vårt.

- Er det ikkje ulogisk å leggja ned eit tilbod fordi de skal styrkja det?

- Jau, men det er ikkje slik det er i denne saka. Einaste skilnaden er at dei som bur i Arna og på Osterøy må til Åsane eller Bergen dersom dei må snakka med ein rådgjevar, og dette må skje på eitt av kontora våre, seier Neteland.

Han legg til at tanken også er at banken skal bli flinkare til å koma til kunden enn det dei er i dag. Nordea har ein marknadsdel i Noreg på frå 10 til 16 prosent innan person- og bedriftsmarknaden. Den skal opp.

- Vi skal kapra marknadsdelar på å bli endå betre, for vi har ambisøse mål for drifta vår. For å få til det, må vi tilpassa organisasjonen til dette. Vi må rett og slett bli meir effektive og profesjonelle. Det er vi overtydde om at kundane våre er tente med, seier Neteland.

Neppe kundeflukt
- Er de ikkje redde for å mista mange av kundane i Arna og på Osterøy til Sparebanken Vest, som har kontor båe stadene?

- Nei, eg trur ikkje det kjem til å skje, rett og slett fordi det er svært sjeldan ein treng gå fysisk inn i banken for å ordna noko. Men vi veit at det er enkelte, særleg eldre, som framleis går i banken for å betala rekningar og ta ut pengar. Vi må finna gode løysingar også for dei, seier Neteland.

Han opplyser at både i Arna og på Osterøy er det alt i dag svært få som kjem inn i banken for å utføra tenestene sine, og denne tendensen er aukande. Ettersom ein i dag kan ordna alt på internett, trur Neteland banken sine internettløysingar er langt viktigare for folk flest enn at dei har kontor i alle bydelar og kommunar.

Les dagens leiar: Bankar som ikkje er tilstades i lokalmiljøa, må rekna med å tapa kundar.

Ikkje munnkorg
At kontora skal leggjast ned har vore kjent ei tid blant dei tilsette, men ingen av dei har ønskt å seia noko om det, korkje til kundane eller media. Neteland presiserer at dei ikkje har fått munnkorg.

- Nei, når eg seier eg ønskjer ein open prosess om slike endringar, ligg det i det at ingen får munnkorg. Men eg skjønar at dei ikkje har lyst til å seia noko dersom dei ikkje kjenner alle detaljane, for det gjer dei ikkje enno, seier Neteland.

Solid bonus
Nordea er eit gigantkonsern med heile 33.000 tilsette i Norden. Og konsernet tener pengar. Mykje pengar. 2009-tala er ikkje heilt klare, men inntektene i 2008 vart om lag 75 milliardar kroner, medan resultat før tap vart om lag 35 milliardar.

Også fjoråret vart eit godt år. Så godt at konsernet skal betala ut 2,2 milliardar kroner i bonus til dei tilsette. Dette er litt mindre enn dei fekk i fjor.

Neteland opplyser at det er langt frå berre leiinga som får bonus.

- Korleis desse reglane er i dei andre landa kjenner eg ikkje til, men alle dei tilsette i Noreg får bonus. Og alle får i utgangspunktet den same summen, men enkelte grupper kan få meir. Til dømes kan ein leiar på høgt nivå få inntil 25 prosent av løna i bonus. Men då skal ein også ha nådd dei måla og krava toppleiinga har sett, seier Neteland.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt