Vil kutta i heradsstyret



Frp ønskjer å redusera talet på representantar i heradsstyret frå 27 til 17 for å spara pengar. Håpet er å opna den stengte avdelinga på Osterøytunet.


Klikk for større bilde
 - Arkivfoto
VIL HA FÆRRE POLITIKARAR: Ragnar Tyssebotn (t.v.) håpar det kommunen sparer på å redusera talet på medlemmer i heradsstyret er nok til å opna den stengte avdelinga på Osterøytunet. Her frå møte i desember 2007.
Foto: Arkivfoto


Publisert: 05. feb. 2010, 10:08
Oppdatert: 05. feb. 2010, 10:08


I 2002 vedtok Osterøy heradsstyre å redusera talet på medlemmer frå 35 til 27 for å kutta kostnader. Vedtaket vart gjort gjeldande frå valperioden 2003-2007.

Utgiftene kommunen har til heradsstyret er møtegodtgjersle og eventuelt frikjøp frå arbeid. Kommunen sparte ein del i førre runde, særleg då dei i 2003 flytta heradsstyremøta til etter arbeidstid, men også noko på redusert møtegodtgjersle.

Må ha 19
Til formannskapsmøtet onsdag la Frp fram forslag om å redusera talet på representantar i heradsstyret igjen, denne gongen til 17. Partiet meinte det ville vera mogeleg å spara ein million kroner på dette, men det vart tilbakevist av ordføraren, som opplyste at kommunen berre vil spara ein mindre sum i møtegodtgjersle.

Å redusera til 17 medlemmer er heller ikkje i tråd med kommunelova. Her går det fram at kommunar med over 5.000 innbyggjarar skal ha minst 19 medlemmer i heradsstyret. Frp har no auka talet til 19. Formannskapet sa nei til forslaget, men vedtok å senda saka over til heradsstyret.

Eliminera dei små
Senterpartiet på Osterøy er langt frå imponert over forslaget frå Frp. På nettsida si skriv dei at partiet ønskjer eit lokaldemokrati med brei politisk representasjon, slik at alle kan bli høyrde. Partiet ser på forslaget frå Frp som eit forsøk på å eliminera dei mindre partia. Dette kan vera med på å byggja ned den politiske deltakinga på sikt.

Eit anna viktig aspekt for Sp er at dei ønskjer eit variert politisk landskap, noko som er viktig for at ulike politiske retningar lett skal kunna bli synleggjorte overfor kommunen sine innbyggjarar.

Samanlikna med andre kommunar meiner Sp at Osterøy har eit fornuftig tal på medlemmer i heradsstyret, og partiet trur heller ikkje det er så mykje å spara på å redusera ytterlegare.

Lang kø
Ragnar Tyssebotn (Frp) opplyser til Bygdanytt at tanken til partiet er å bruka dei innsparte pengane på å opna den stengte avdelinga på Osterøytunet.

- For det første er det 27 eldre som står i kø for ein plass på sjukeheimen. Då må vi snarast få opna avdelinga som er stengt. For det andre er det heller ikkje noko tap å redusera talet på medlemmer i heradsstyret. Fleire av representantane klagar alt i dag på at dei får for få saker til behandling, seier Tyssebotn.

Treng reknestykke
- Men sparer kommunen så mykje på dette?

- Det er det som står att å sjå. No skal rådmannen koma tilbake til heradsstyret med ei sak der det skal gå fram kor mykje vi kan ta inn her. Så får heradsstyret ta stilling til forslaget på bakgrunn av dette, seier Tyssebotn.

- Er ikkje målet til Frp eigentleg berre å utradera småpartia med dette forslaget?

- Nei, det greier dei heilt fint sjølve med den politikken dei fører. Det er trass alt veljarane som avgjer kor mange representantar kvart parti skal ha i eit kommunestyre, seier Tyssebotn.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt