Når noko er for godt til å vera sant, så er det som regel det. At
månadskortet for tog og buss skulle vera billegare enn tog åleine, var
overraskande for mange. Og no ser det dessverre ut til at det berre er dagar
igjen før denne prispolitikken er over.
I morgon skal Samferdsleutvalet i Hordaland ta stilling til om prisen
på Skyss sitt månadskort for tog og buss skal aukast frå 770 til 830 kroner.
Dette vil i så fall vera om lag same prisen som NSB tar for månadskortet
mellom Arna og Bergen.
Det er på bakgrunn av eit brev frå NSB at fylkesrådmannen rår
politikarane til å gå inn for å auka prisen med om lag åtte prosent.
No kan sikkert både NSB og Skyss argumentera med at dei må dekka inn
auka utgifter. Men her har altså først NSB auka prisen på lokaltoget, før
Skyss no skrur opp prisen på turen mellom Arna og Bergen. Korleis harmonerer
det med målet om å få endå fleire til å bruka offentleg kommunikasjon?
Det er ikkje berre lommeboka til dei reisande som er taparar med ein
slik prispolitikk. Den andre taparen er klimaet i Bergen sentrum og dei som
bur og jobbar der. Ein får ikkje mindre biltrafikk i bykjerna ved å skru
prisane i taket.
For tida forhandlar NSB og fylkeskommunen/Skyss om ei samordning av
prisane mellom toget og bussen. Målet er at det skal kosta 25 kroner for
reiser innan Bergen kommune uansett kva transportmiddel ein nyttar. Slik
felles takstsystem har ein hatt i Oslo lenge, og det har vore etterlyst i
Bergen i fleire år.
Vi håpar inderleg at eit slikt samarbeid går i orden. Skal vi få
fleire til å reisa kollektivt, må det førast ein heilt annan prispolitikk
enn i dag.