Havråtunet ute i kulda



Så er det endeleg avgjort: Havråtunet på Osterøy er ikkje uerstatteleg for menneskeslekta.


Klikk for større bilde
 - Simen Sundfjord Otterlei
IKKJE UNIKT NOK: Havråtunet på Osterøy kjem ikkje med på Unesco si verdsarv-liste i overskueleg framtid.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei


Publisert: 12. feb. 2010, 08:30
Oppdatert: 12. feb. 2010, 08:30


I 2003 kom initiativet til å få det eldgamle klyngjetunet på Osterøy med på Unesco si verdsarv-liste. Men Havrå hadde truleg aldri nokon reell sjanse.

-Betre balanse
Pyramidane i Egypt. Den kinesiske mur. Viktoriafalla i det sørlege Afrika. Bryggen i Bergen. Nokre av stadene på Unesco si prestisjefylte verdsarvliste har så stor betydning for verdas befolkning at tapet av dei ville vore uerstatteleg, skriv Unesco på sine nettsider. Eit skarve klyngjetun på den største innlandsøya i Noreg når altså ikkje opp i denne samanhengen. Sjansane til å hamna på lista har truleg heller aldri vore så små som i dag. For av dei nær tusen namna på verdsarvlista er så mange som halvparten plassert i Nord-Amerika og Nord-Europa, den geografiske gruppa Noreg er ein del av i Unesco-samanheng.

- Det har lenge vore ein global strategi frå Unesco å få ein betre balanse i dette. Noreg har allereie sju namn på lista, det same som til dømes Egypt og Indonesia. Til samanlikning bur det rundt 175 millionar menneske i Indonesia, som kulturhistorisk har bidrege vesentleg, opplyser seniorrådgjevar hos Riksantikvaren, Trond Taugbøl.

Trearkitektur avvist
På tampen av fjoråret sende Riksantikvaren frå seg ei revidert, såkalla tentativ, liste til Miljøverndepartementet, over stader og namn ein ønskjer at Noreg skal ha på si prioriteringsliste overfor Unesco. Riksantikvaren oppdaterer lista kvart tiande år. Etter det Bn forstår var Havråtunet aldri i nærleiken av å hamna i det gode selskap.

- Spørsmålet blir om Havrå ville tilført verdsarv-lista noko. Det er ikkje per definisjon klyngjetun med frå før, men der finst mange liknande byggjemåtar og trekonstruksjonar representert, både i Noreg og Europa elles, som har tilsvarande struktur og organisering av busetnaden innan landbruket. Det er ikkje dermed sagt at Havrå ikkje er spesiell, men det er ingen automatikk i at det som har nasjonal verdi også har internasjonal verdi. Før noko hamnar på verdsarvlista blir det gjort ei internasjonal vurdering. Så seint som i fjor vart ein svensk nominasjon av liknande trearkitektur avvist, fortel seniorrådgjevar Taugbøl.

Det er også ein tendens til at Unesco vil ha fleire natur- og kulturhistoriske element representert på lista, framfor arkitektur, som er i stort fleirtal.

På lista Riksantikvaren leverte i fjor finst fem namn: Svalbard, Lofoten, Tysfjord, den midtatlantiske rygg og industriarven, med fokus på Rjukan og Odda. Sistnemnde og Svalbard er dei einaste nye på lista. Taugbøl opplyser at Miljøverndepartementet allereie har tatt denne vidare til Unesco i Paris, og dermed er løpet i praksis kjørt for dei neste ti åra.

- Havråtunet er i så måte avvist. Ein kan ta nytt initiativ, men sett i lys av Unesco sin globale strategi er det grunn til å tru at sjansane er små på fleire nivå, seier seniorrådgjevaren.

-Ingen katastrofe
Avdelingsleiar ved Havråtunet, Marit Adelsten Jensen, respekterer fullt ut at arbeidsplassen hennar ikkje er spesiell nok for Unesco si verdsarvliste.

- Det er eg eigentleg heilt komfortabel med. I nasjonal samanheng er jo Havråtunet spesielt, men i verdssamanheng er det gjerne ikkje det, seier Adelsten Jensen.

Derfor hadde ho heller ikkje skrudd forhåpningane for høgt.

- Det er mange land i verda som framleis driv jordbruk slik vi gjorde i Noreg før. I så måte er eg nok einig i at Havrå ikkje er unik nok per dags dato, seier avdelingsleiaren.

Ho peikar likevel på at samfunnsuviklinga går sin gang, og tempoet gamle kulturar og skikkar forsvinn i berre aukar. Kanskje det kan vera meir aktuelt for Havrå å søkja Unesco-status ved eit seinare høve.

- Vi får sjå kor Unesco står om ti år, seier Adelsten Jensen.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt