Tine vurderte Espevoll



Meierigiganten Tine har flytteplanar. - Vi vurderte Espevoll på Osterøy som eit svært godt alternativ, men valet fall til slutt på Flesland, seier Tine-direktør Leif Arne Berge.


Klikk for større bilde
 - Skyfritt
AKTUELL LENGE: Tine Meierier Vest skal flytta mjølkeproduksjonen og dei om lag to hundre tilsette frå Minde. Lenge var Espevoll på Osterøy svært aktuell, men valet fall til slutt på Flesland.
Foto: Skyfritt


Publisert: 16. feb. 2010, 10:03
Oppdatert: 16. feb. 2010, 10:03


For få veker sidan vedtok konsernstyret i Tine BA å kjøpa tomt til eit framtidig nytt meierianlegg i Bergen. Eigedomen ligg ved Flesland, er om lag 75 dekar stor og eigd av Posten Norge.

Planen er å byggja nytt fordi meieriet har store utfordringar med omsyn til areal, logistikk og effektiv vareflyt på Minde.

Høgaktuelt
Administrerande direktør Leif Arne Berge i Tine Meieriet Vest opplyser til Bygdanytt at dei i prosessen vurderte fem-seks tomter som svært gode alternativ, og arealet på Espevoll på Osterøy var eit av dei mest aktuelle.

- Vi hadde ei rekkje omsyn å ta når vi til slutt skulle finna den best eigna staden, og etter ei samla vurdering var tomta på Flesland den beste for oss. Særleg ut frå omsyna til logistikk. Vi har mange ruter, og det er store avstandar, så kostnadane til logistikk er heilt sentrale, seier Berge.

- Men Espevoll var ei av tomtene som var med i finalen?

- Ja, eg kan vel seia det slik at det var det tredje beste alternativet. Absolutt eit interessant tomteland, seier Berge.

700 tilsette
Og det er litt av ein gigant Osterøy gjekk glipp. Tine Meieriet Vest har om lag 700 tilsette, rundt 200 av dei på Minde. Den årlege omsetnaden er over to milliardar kroner.

Ordførar Kari F. Aakre skulle svært gjerne hatt verksemda til Osterøy, og ho tykkjer det er spennande at Espevoll var eit så aktuelt alternativ.

- Det hadde vore gull verd for Osterøy å få ein så stor aktør som Tine hit. Det ville sjølvsagt vore fantastisk med alle arbeidsplassane - og ikkje minst at dei ikkje forureinar, seier Aakre.

Fleire sjansar
- Korleis reagerte du då du fekk vita at dei hadde landa på Flesland, for å seia det slik?

- Det tykte eg var svært trist. Eg meiner faktisk at Espevoll er eit betre alternativ enn Flesland, både på grunn av dei trafikale problema til og frå Flesland, og Rolland si gunstige plassering på aust-vest-aksen, seier Aakre.

Ordføraren har naturleg nok stor tru på at Rolland vil bli eit attraktivt næringsområde, og sjølv om Tine til slutt valde eit anna alternativ, trur ordføraren det neppe går så lang tid før neste aktør viser si interesse.

- God marknadsføring av området er viktig, og her får vi hjelp av Business Region Bergen, der Osterøy kommune er med. Så sjølv om ein stor aktør glapp for oss denne gongen, kjem det fleire sjansar, trur Aakre.

Spennande
Det er Osterøy Entreprenør AS som eig ein stor del av næringsarealet på Espevoll og har sikra seg utbyggingsavtalar på det dei ikkje har hand om. Dagleg leiar Nils Skjerping tykkjer det er trist at valet til Tine vart Flesland.

- Når det gjeld logistikk, ligg Espevoll bortimot perfekt til for Tine. Ulempa er at kommuneplanen ikkje er klar, slik at dei formelle brikkene ikkje er på plass. Å få eit par hundre nye arbeidsplassar til Osterøy er fantastisk, men her skal ein også ha i tankane at det hadde vorte store ringverknader av ei slik etablering. Det er utruleg spennande at sjefane i Tine tykte Espevoll var eit svært bra næringsareal, seier Skjerping.

Han opplyser at både toppsjefen og ein til i leiinga hadde sett av ein heil dag til å sjå på arealet og få informasjon om det.

Rett ved E39
- Du serverte dei sjølvsagt mjølk og juice frå Synnøve Finden?

- Nei, du skal vera trygg på at møterommet nærmast var dekorert med Tine-produkt. Men likevel valde dei ikkje Espevoll, seier Nils Skjerping.

Og medan dei koste seg med eigenprodusert mjølk og juice fekk dei to Tine-sjefane vita at det berre er seks minutt kjøring frå Espevoll til E39, og ytterlegare fire minutt til Indre Arna.

- Det einaste negative dei peika på var flaskehalsen Vesetgjelet, men denne er det planar om å utbetra, seier Skjerping.

- Og så er ikkje Osterøy i Bergen kommune?

- Nei, det kan godt vera at det sat litt langt inne for den Fana-busette Tine-administrasjonen å flytta til Osterøy, men på Espevoll hadde dei faktisk hamna midt blant eigarane sine: mjølkeprodusentane, seier Nils Skjerping.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt