Det gjekk litt i bølgjer for Osterøy-økonomien i fjor, men pilane har stort
sett peika rett veg. Av ulike årsaker greidde ikkje skulane å halda
budsjettet, og for nokre månader sidan såg det ut til at dei kom til å bruka
vel fire millionar kroner meir enn dei hadde fått til disposisjon. No har
summen auka til over fem millionar.
Rådmann Odd Ivar Øvregård kjenner ikkje i detalj til kva som er årsaka til det
store overforbruket innan oppvekst, men spesialundervisninga stikk av med
ein solid del av kaka. Det gjeld born og unge både i Osterøy kommune og dei
frå Osterøy som bur i andre kommunar.
Unngjekk minus Også helse og omsorg melde tidleg frå om at det kunne bli underskot, men
rådmannen sette i verk tiltak for at etaten skulle koma ut i balanse når
året var omme.
Bodskapen i desember var at det «berre» ville bli balanse i 2009, noko som
ikkje var særleg oppløftande ettersom kommunen no skal starta nedbetalinga
av underskota frå tidlegare år. Med overskotet som det no ser ut til å bli,
kan kommunen truleg greia å følgja den ambisiøse nedbetalingsplanen.
Etter bodskapen rådmannen kom med til heradsstyret onsdag tyder mykje på at
det no er god kontroll i dei aller fleste einingane.
God avkastning Onsdag kom også Skagenfondene og Bergen Capital Management (BCM) for å
skryta av kor flinke dei har vore å ta vare på sparepengane til ostringane.
For nokre år sidan fekk dei 20 millionar kroner kvar av kommunen som dei
skulle forvalta etter bestemte reglar.
Med god hjelp av eit fantastisk fjorår på børsen kunne dei to forvaltarane no
visa til ei samla avkastning på om lag fem millionar kroner.
Stram disiplin Ordførar Kari F. Aakre jublar over overskotet.
- Det såg ikkje like lyst ut mot slutten av 2009, men med utruleg stram
budsjettdisiplin, flinke tilsette og at det er kome til nokre postar som
vart overraskande positive, vart dette svært bra, seier Aakre.
- Men oppvekst er ute av kontroll?
- Det er i alle høve ikkje god nok kontroll, og det likar eg dårleg. Dei andre
einingane er svært flinke til å spinka og spara, og då blir det ein heilt
feil signaleffekt at oppvekst bruker så mykje meir enn dei skal. Noko av
dette skuldast utgifter kommunen ikkje rår over, men ikkje alt. Så her må
administrasjonen få kontroll over pengebruken, seier Aakre.