261 innflyttarar hjelper folketalet på Osterøy oppover. Kvar femte av dei kom
frå utlandet.
REKORDMANGE: Det vert stadig tettare mellom ostringane. Biletet er frå konserten med Nordic Tenors i 250-meterskogen i fjor.
Foto: André Leknessund Wik
LUKKELEG, MEN...: Ordførar Kari Aakre er glad for folkeveksten i 2009. Ho meiner Osterøy ikkje er avhengig av arbeidsinnvandring for å få ytterlegare framgang.
Foto: Arkiv
Folketalsstatistikken frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) vart lagt fram like før
helga. I 2009 vaks innbyggjartalet i Noreg med 58.950, og ved årsskiftet var
vi 4.858.200 nordmenn.
Auke: 69
Osterøy bidrog med 69 personar av det auka folketalet. 1. januar var 7.421
personar busette i kommunen, mot 7.352 i fjor. Veksten på 0,9 prosent er den
tredje største folketalsauken i kommunen det siste tiåret.
89 spedbarn som såg dagens lys i øykommunen i fjor medverka til folkeveksten.
Men 63 personar busett på Osterøy døydde i 2009, noko som gjer at
fødselsoverskotet berre gav ein vekst på 26.
Dei 261 som flytta til kommunen i fjor utgjer saman med dei nyfødde 350 nye
ostringar. Men ettersom 218 personar også pakka sekken og flytta frå Osterøy
det same året, vart innflyttingsoverskotet på berre 43.
Kvar femte av innflyttarane kryssa landegrensene før dei busette seg på Noregs
største innlandsøy. 54 av 261 innflyttarar kom nemleg frå utlandet, medan
berre 13 ostringar flytta utanlands.
Det er tredje året på rad folketalet på Osterøy går fram, og aldri før har
fleire hatt adresse i kommunen.
Lukkeleg så lenge det går fram
Kari F. Aakre (Ap) er naturleg nok glad for at ho no er ordførar for endå
fleire, sjølv om ho vedgår at talet nok kunne ha vore større.
- Det er klart. Vi ønskjer oss, og har også plass til, fleire på Osterøy. Men
all vekst er god vekst, og eg er lukkeleg så lenge talet går fram.
Ho ser ingen grunn til at pilane ikkje skal peika rett veg også i framtida.
- Eg trur det vil halda fram med å veksa. Det er mange som har meint at
framgangen dei siste åra berre har vore på grunn av arbeidsinnvandringa. Men
når det held fram trass i ein vanskeleg arbeidsmarknad i 2009, trur eg det
viser at det ikkje først og fremst er arbeidsinnvandring som ligg bak, men
at folk ønskjer å bu her, seier ho.
Byggjefelt
Det er også fleire bustadprosjekt og område som ventar på, eller snart står
klare til, å ta imot fleire innbyggjarar.
- Loftåsfeltet på Valestrand har plass til mange fleire. I tillegg kjem det
mange tomter i det planlagde byggjefeltet på Bruvik, seier ordføraren.
- I løpet av våren vil vi og leggja fram kommuneplanen, og eg har håp om at
den skal gå gjennom utan for mange motsegner. Vidare føreligg det planar for
Åsheim-området i Haus, som vi kan få godkjent som byggjeområde i år. Skal vi
lokka til oss fleire frå fastlandet, vert slike sentrumsnære område viktige,
seier Aakre.
Om det at kvar femte nyinnflytta person ikkje har norsk som morsmål, seier ho
følgjande:
- Det viser at Osterøy er ein god kommune å bu i, anten du er etnisk norsk
eller frå utlandet. Eg trur kanskje ulike næringsprosjekt her tiltrekkjer
folk frå andre land, seier ordføraren, og legg til:
- Eg reknar med at veksten i folketalet vert større til neste år.
256.600 bergensarar
Folketalet i Bergen aukar med 1,8 prosent frå 2009 til 2010. Den 1. januar var
folkemengda i Noregs største by 256.600, mot 252.051 på same tid i fjor.
Folketalet for bydelane i Bergen er ikkje klart enno.