Etter at tidlegare assisterande rådmann Trine Grønbech slutta, har denne
stillinga stått ledig. Det blir det slutt på frå 3. mai, då Jarle Landås frå
Bergen tar plass på sitt nye kontor i rådhuset.
Landås er 41 år gammal og tok juridisk embetseksamen i 1995. Han har i tillegg
utdanning innan personalutvikling, leiing og økonomistyring.
Fylkesmannen
Sidan 1999 har han vore tilsett hos Fylkesmannen i Hordaland. Her har han vore
tilsynskoordinator/ fagansvarleg for tilsyn mellom anna etter barnevernslova
og sosialtenestelova.
Han har også laga og halde kurs for kommunar innan internkontroll og
saksbehandling. Før dette var han regionansvarleg for økonomisk
rådgjeving/gjeldsrådgjeving på Sør-/Vestlandet. Han har også hatt mange
oppdrag for sentrale styresmakter, inkludert utvikling og gjennomføring av
kurs for departement, direktorat og tilsyn, også internasjonalt.
Rådmann Odd Ivar Øvregård opplyser at Jarle Landås har opparbeidd seg
spisskompetanse innan kommunale styringssystem, og han har også svært god
innsikt i dei oppgåvene ein kommune har ansvar for.
Økonomirådgjevar
- Det var fleire godt kvalifiserte søkjarar til den ledige stillinga som
assisterande rådmann, og det er vi godt nøgde med. Landås vart innstilt på
førsteplass etter ein grundig prosess, og eg glad for at han takka ja til
stillinga, seier Øvregård.
Den andre personen rådmannen har tilsett er ein såkalla controller. Han heiter
Jostein Furre og byrjar i jobben om berre eit par veker. Han er utdanna
siviløkonom frå NHH og jobbar i dag som økonomikonsulent i Bergen kommune.
For dei som er usikre på kva ein controller eigentleg er, kan rådmannen
opplysa at vedkomande skal ha ei rekkje roller knytte til økonomi i den
kommunale forvaltninga. Alt frå å laga analyser av, og kontrollera
økonomien, til å fungera som rådgjevar og støtte for rådmannen og einingane
i kommunen.
Gull verd
- Treng ikkje kommunen heller fleire lærarar og sjukepleiarar enn endå fleire
i administrasjonen?
- Det vi først og fremst oppnår med denne stillinga er at dei som jobbar til
dømes på skulane kan bruka mindre tid på økonomi, som dei kanskje ikkje kan
så mykje om, og meir tid på det dei kan mest, undervisa. Opphaveleg skulle
stillinga knytast til pleie og omsorg, men no blir dette ein ressursperson
for alle einingane, seier Øvregård.
- Det høyrest ut som du er godt nøgd med å ha skaffa deg desse to nytilsette?
- Det er heilt rett. Dei to utfyller kvarandre på ein svært god måte, og eg
kjenner meg trygg på at dei vil bidra til at kommunen på sikt kan spara
pengar. Det er ikkje så mange kommunar som har ein eigen controller, men eg
trur denne stillinga kan bli gull verd for oss, seier Øvregård.
Det var totalt 10-12 personar som søkte på dei to stillingane, dei aller
fleste av dei ønskte å bli assisterande rådmann.