Store snøhaugar gir utfordringar for kollektivreisande ostringar. - Eg skjønar
ikkje at det går an, sukkar Vigdis Tepstad.
KVITFJELL: Fortauet på busstoppet ved Småland ligg djupt under dei frosne føtene til Maria Småland (t.v.), Veronica Tepstad Johnsen og Vigdis Tepstad.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei
Publisert: 02. mar. 2010, 11:45
Oppdatert: 02. mar. 2010, 11:46
Brøytemannskapa hadde ikkje gjort jobben sin på Osterøy fredag. Over
halvparten av busstoppa på strekninga Valestrand-Hauge-Lonevåg var i ein
slik tilstand at det ikkje var mogleg å venta på bussen utan å stå ute i
vegen. Fleire stader gjorde store brøytekantar det vanskeleg å få oversikt
over trafikken før ein skulle svinga ut.
-Heilt borti hampen!
I 80-sona mellom Hauge og Lonevåg, nærare bestemt på Småland, møter vi Vigdis
Tepstad, barnebarnet Veronica Tepstad Johnsen og Maria Småland. Veronica tar
bussen til skulen kvar dag, og legg ikkje skjul på at ho meiner brøytinga er
for dårleg. Bestemora er i harnisk over kor dårleg brøytemannskapa har lagt
til rette for dei bussreisande.
- Dette er heilt håplaust. Eg skjønar ikkje at det går an, seier Tepstad, der
ho står i snøfonna som dekkjer heile fortauet, og vel så det. Ho er oppgitt
over oppførselen til ein del av brøytebilsjåførane.
- Her om dagen såg eg ein traktor som brøyta eit stort lass med snø rett inn i
eit busskur. Det er nok mange av brøytesjåførane som ikkje tenkjer seg
særleg godt om, trur Tepstad.
Nabo Arny Småland kjem kjørande. Ho skal ut i hovudvegen, men ser ikkje om det
kjem bilar.
- Dette er heilt borti hampen! Det blir farleg å ferdast i trafikken når det
er slik, seier Småland.
- Det skulle ikkje vera så vanskeleg å brøyta snøen litt lenger vekk,
kvitterer Tepstad.
-Står på natt og dag
Teknisk sjef i Osterøy kommune, Roald Hovden, fortel at han stadig får
meldingar om dårleg brøyting.
- Mannskap og utstyr er ikkje dimensjonert for desse snømengdene. Og eg ser jo
sjølv at det er smalt mange stader. Det blir vanskeleg for fotgjengarane, så
det gjeld å vera obs, oppmodar Hovden, som understrekar at dei gjer sitt
beste for å få brøyta dei kommunale vegane.
Riksvegane er det Statens Vegvesen som har ansvaret for.
- Med det store snøfallet tek det endå lenger tid for entreprenøren å brøyta,
seier
drift- og vedlikehaldsleiar Gunnar Kråkenes, som har leigd inn NCC Roads for å
vedlikehalda mellom anna vegen mellom Hauge og Valestrand. Driftsleiar der,
Eivind Hope, ber om forståing for at ikkje all snøen forsvinn med ein gang.
- I desse tider har vi rett og slett ikkje nok ressursar, og må prioritera. Vi
må gjera hovudvegane trygge først, og ta det andre etter kvart. Vi står på
natt og dag, sa Hope til Bygdanytt fredag.
Han rekna då med at forholda for busspassasjerane skulle vera betre i starten
av denne veka.