Treng nye tunnelar



Tunnelane langs E39 og E16 treng omfattande oppgradering i åra som kjem. Regionvegsjefen fryktar at heile vegsystemet kan kollapsa når tunnelane må stengjast.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
TO LØP: Arnanipatunnelen burde hatt to tunnelløp alt i dag, men nye krav frå 2019 gjer at det hastar for Statens vegvesen å starta planlegginga av to tunnelløp på denne og ei rekkje andre tunnelar.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 05. mar. 2010, 08:21
Oppdatert: 05. mar. 2010, 08:21


Transportkomiteen på Stortinget fekk ikkje berre sjå kor flott bybana vil bli då dei nyleg vitja Bergen. Regionvegsjef Olav Ellevset nytta høvet til å fortelja at han treng 87 millionar kroner årleg for å ta unna nødvendig rehabilitering av tunnelar. I dag får han berre ein brøkdel av denne summen.

Etterslep
- Vi har eit enormt etterslep på dette området, og Hordaland er det fylket i landet som har størst forfall langs stamvegnettet, seier Ellevset.

For tre-fire år sidan rekna Statens Vegvesen ut at forfallet langs stamvegnettet i Hordaland var langt over 700 millionar kroner. Det er ikkje mindre i dag. Dei fleste andre fylka har eit forfall på mellom 100 og 200 millionar.

Men det er tunnelane som ser ut til å bli den største utfordringa i åra som kjem, for trafikken mellom Bergen og Voss byrjar no å bli svært stor, og han vil berre auka i åra framover.

- Trafikken er alt i dag så stor at fleire av tunnelane burde hatt doble løp, men nye krav som gjeld frå 2019 tilseier at vi må ha eit langt større fokus på denne problemstillinga enn vi har hatt til no. Det er snakk om store summar, og difor må dette inn i Norsk Transportplan frå 2014, seier Ellevset til Bygdanytt.

To tunnelløp
Arnanipatunnelen og Risnestunnelen er berre to av tunnelane i Arna som ikkje har nødvendig standard. Krava i dag tilseier at dei burde hatt midtrekkverk, men den store auken gjer at ein alt innan 2019 må skilja trafikken i to separate tunnelløp.

- Det blir feil først å byggja midtrekkverk i det eksisterande løpet, for deretter å byggja eit ekstra løp. Den beste løysinga er å koma i gang med det ekstra tunnelløpet så raskt som mogeleg, seier Ellevset.

Planen er at når det ekstra tunnelløpet er ferdig kan bilistane bruka dette medan det eksisterande løpet blir stengt for trafikk under rehabiliteringa.

Unngår kollaps
- Då unngår vi faren for at trafikken skal kollapsa fordi det ikkje finst omkjøringsvegar, eller at omkjøringsvegane ikkje er mogeleg å bruka fordi dei korkje er dimensjonerte for vogntog eller den store trafikken, seier Ellevset.

- Har tunnelane kosta meir enn dei har smakt?

- Ja, det kan du seia. Samanlikna med å byggja bruer er det billeg å byggja tunnelar. Men dei er svært kostbare i drift, så bodskapen blir at ein bør unngå tunnelar der det er mogeleg, seier regionvegsjef Olav Ellevset.

TO LØP:Arnanipatunnelen burde hatt to tunnelløp alt i dag, men nye krav frå 2019 gjer at det hastar for Statens vegvesen å starta planlegginga av to tunnelløp på denne og ei rekkje andre tunnelar. Foto: Ronny Bertelsen





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt