Den harde vinteren skaper økonomiske problem og fører til permitteringar hjå
fleire entreprenørar i Arna og Osterøy. - Snøen må vekk innan to veker,
elles er det slutt, seier Anders Garnes i Grått og Grønt AS.
HELD UT I TO VEKER: Men så må den kvite vinteren ta slutt for at Grått og Grønt AS skal overleva. - Dersom ikkje snøen forsvinn, sit vi heime og drikk kaffi om to veker, seier Jon Ivar Djønne og Anders Garnes.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei
PÅ RESERVEN: Jan Otto Midttun og OH Betong AS.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei
MOT UNDERSKOT: Nils SKjerping og Osterøy Entreprenør AS.
TRE PERMITTERTE: - Vi har plenty med arbeid, men vêret gjer at vi ikkje får utført det, forklarer dagleg leiar Ragnar Tyssebotn i Osterøy Maskin AS.
Reddar seg på rydding
Firmaet bak den omfattande snøryddinga i Arna førre veke har eit ambivalent
forhold til vinteren.
- For oss går det begge vegar, seier Bjørn Rivenes, dagleg leiar i Rivenes AS.
Firmaet hans har kontrakt på snørydding for Bergen kommune. Berre med den
store snøfresaren dei har leigd inn frå Austlandet, held dei fire til fem
lastebilsjåførar kontinuerleg i arbeid.
- Inntektene frå vegryddinga kompenserer for det vi taper på andre område,
fortel Rivenes.
Frost og snø gjer at dei må utsetja ein del entreprenørverksemd, særleg
grunnarbeid. Dei har likevel greidd å sysselsetja dei tilsette.
- Vi har vore heldige med snøen slik sett. Hadde det berre vore frost, ville
ting ha sett svært annleis ut, seier Rivenes.
Han innrømmer at han gler seg til bakken blir både snø- og frostfri.
- Ja, det har gått greitt økonomisk, men no byrjar vi å bli lei vinteren. Det
er nok no, seier den daglege leiaren.
Publisert: 09. mar. 2010, 09:51
Oppdatert: 09. mar. 2010, 09:51
Vinteren har vore full av rekordar, med positivt og negativt forteikn, etter
auget som ser. For dei fleste entreprenørbedriftene i Arna og Osterøy er det
dessverre mest av det siste.
Grått og Grønt AS blei starta i 2005 av Anders Garnes og Jon Ivar Djønne. Dei
to har tre medarbeidarar dei leiger inn når arbeidsmengdene er store. Det er
dei ikkje no. Selskapet er rett nok litt utanfor sesong, med tanke på at dei
har hagearbeid, muring og steinlegging som spesialitetar.
- Men vanlegvis plar det vera bra med arbeid om vinteren og, berre ein er litt
fleksibel, fortel Djønne.
- I fjor var det berre eit par små opphald, elles var det full produksjon.
Grunnarbeid er umogeleg
Dei to Garnes-mennene har for tida arbeidsstad nedanfor Ytre Arna skule. Dei
er blitt innleigde av eit anna selskap, og i dag er dei for treskjerarar å
rekna. For eit selskap som reknar med at 90 prosent av omsetninga kjem frå
utearbeid, har kulda og dei store snømengdene vore tøffe motstandarar i
kampen for å halda hovudet over vatnet.
- Snøen gjer det vanskeleg å koma fram med maskiner og kjøretøy. Vi har ikkje
kunna planleggja kva tid vi skal gjera dei ulike jobbane, fordi vi ikkje
veit når vi kan flytta maskinene, forklarer Anders Garnes. Men det er ikkje
berre snøen som skaper problem.
- Når ein får vekk snøen, ligg det ein halv meter tele i jorda. Det gjer
grunnarbeid nesten umogeleg, påpeikar Garnes.
Taper halvparten
Tele er heller ikkje favorittordet til betongprodusenten OH Betong i Indre
Arna. 13 tilsette, fordelt på om lag ni årsverk, er mykje i høve til
produksjonsmengda firmaet har hatt i årets to første månader.
- Produksjonen er omtrent halvert samanlikna med same periode i fjor. Vi tærer
på reservane så det syng etter, og reddar oss på at vi har hatt gode år
tidlegare, fortel dagleg leiar Jan Otto Midttun.
Det er rett og slett umogeleg å mura utandørs dei fleste stader. Dermed går
produksjonen ned, og dei tilsette må finna andre ting å gjera. Eller andre
arbeidsplassar.
- Nokre har tatt ferie, og vi har leigd ut ein mann, men har unngått
permitteringar. For dei som er att, blir det mykje snømåking, tining av
maskiner og vedlikehald, fortel betongsjefen, som tidlegare i vinter hadde
problem med leveransane som følgje av at Arnavågen var islagt. Midttun er
likevel delt i sin karakteristikk av vinteren 2009/10.
- Privat synest eg dette har vore ein av dei finaste vintrane i manns minne.
Jobbmessig er det noko heilt anna.
Permitteringar
Det har ikkje vore mindre snø på Osterøy. Ragnar Tyssebotn i Osterøy Maskin AS
fortel at dei, som OH Betong, har halvert omsetnaden i januar og februar.
- Vi må ha svært gode månader for å ta att dette i løpet av året. Vi har
plenty med arbeid, men vêret gjer at vi ikkje får utført det. Eg kan ikkje
hugsa å ha slite så mykje med frost og snø så lenge eg har vore i bransjen,
fortel den daglege leiaren.
Tre av ti tilsette er blitt permitterte.
- Eg trur ikkje det er nokon entreprenørar som tener pengar no. Vi får gjera
alt vi kan for å koma á jour seinare, og håpa det blir mildare neste år,
seier Tyssebotn.
Kollega Nils Skjerping i Osterøy Entreprenør AS har klart å halda sine 17
tilsette i arbeid.
- Vi taper pengar på lågare produksjon, men har ein sunn og god økonomi, og
har hatt overskot alle dei 20 åra vi har drive på. Eg reknar med vi skal
klara å ta att denne dårlege starten seinare på året, men det kan bli første
året med underskot i bedrifta si historie, fortel Skjerping på telefon frå
Hurtigruta, der han og resten av bedrifta feirer 20-årsjubileet.
Lengtar mot vår
I Ytre Arna står Jon Ivar Djønne og Anders Garnes i snø opp til knea. Dei legg
ikkje skjul på at dei gjerne skulle ha vore den lange vinteren forutan.
- Dagane startar med å spa fram bilen til kona, før vi må måka oss veg der vi
skal jobba. Så kan vi byrja å tenkja på kva utstyr det faktisk er mogleg å
få med seg inn på arbeidsplassen, forklarer dei to.
- Og ein blir heilt utkjørt av å trå rundt i desse snømengdene, seier Djønne,
som ikkje legg skjul på at det kan vera tøft å gå frå dag til dag utan å
vita om ein har arbeid den neste.
- Ein har jo huslån og dame ein skal betena, seier Djønne smått spøkefullt.
- Vi kjem langt med galgenhumor, repliserer kollega Garnes. Men realitetane er
tøffe.
- Vi fekk ein innandørsjobb like etter nyttår. Utan den hadde vi ikkje klart
oss. No byrjar det å gå på stumpane att, så dersom snøen ikkje forsvinn
innan ei til to veker, må vi berre sitja heime og drikka kaffi. Då er det
slutt, seier Anders Garnes.
- Vi håpar vi greier oss til våren kjem. Då fyllest kundelista opp av folk som
skal gjera det fint utandørs til 17. mai.