Tysse mekaniske verksted AS har kjøpt 51 prosent av Letthus Rindal AS på Møre.
- Vi passar svært godt saman, seier ein svært godt nøgd Tysse-sjef Lars
Magne Bysheim.
OPPKJØP: Styreleiar Åge Halvorsen (f.v.) og dagleg leiar Inge Grøseth i Letthus Ringdal AS er godt nøgde med at Berge Hoshovde og Lars Magne Bysheim i Tysse mek ønskte å kjøpa seg inn i bedrifta.
Foto: Willy Karlstrøm, Trollheimsporten.no
Fakta / Dette er Letthus Rindal AS
* Letthus Rindal er eigd av Indre Nordmøre Invest AS
* Dei største aksjonærane i Indre Nordmøre Invest AS er Surnadal Sparebank,
Rindal sparebank, Svorka Energi AS og DB-Invest AS.
* Letthus Rindal AS starta opp i 1992, har ti tilsette og omsette i fjor for
om lag 11 millionar kroner. Dette er 2-3 millionar kroner mindre enn året
før.
* Resultat før skatt i 2008 vart 530.000 kroner.
* Eigenkapitalen i selskapet er 3,7 millionar kroner og eigenkapitaldelen er
68 prosent.
Publisert: 09. mar. 2010, 10:24
Oppdatert: 09. mar. 2010, 10:24
Med ein ukjend pengesum «i baklomma» reiste Tysse mek-eigarane på handletur på
Nordmøre. Den første kontakten mellom Tysse mek og Letthus-eigarane vart
oppretta for om lag tre år sidan. Då var Tysse mek på jakt etter nye kundar.
I fjor haust var det Letthus-eigarane som kontakta Tysse mek med tanke på å få
inn nye eigarar. Det siste halvåret har gått med til forhandlingar, og
torsdag i førre veke vart det offisielt.
Hus på hjul
Tysse mek har kjøpt 51 prosent av aksjane til selskapet Indre Nordmøre Invest
AS, som igjen eig Letthus Rindal AS. Lars Magne Bysheim forklarer at det var
fleire årsaker til at dei takka ja til å gå inn som eigarar.
- Vi har som motto at vi skal vera best på hjul. I dag har vi 85 ulike
modellar i varespekteret vårt, men ingen av desse er små hus på hjul. Det må
må vi sjølvsagt også ha, og det får vi no. Vi har også ein del av dei same
kundene som Letthus, så vi passar svært godt saman, seier Bysheim, som saman
med styreleiaren sin torsdag var i Rindal for å signera avtalen og informera
dei tilsette.
- Er det ein god avtale de har fått, eller har møringane greidd å lura dykk?
- Vi er samde om ikkje å gå ut med prisen, så den får du ikkje vita. Når det
er sagt, så er begge partar godt nøgde med prisen. Vi har kjøpt ei bedrift
med eit sterkt merkenamn, gode produkt og eit godt omdømme i marknaden.
Letthus har litt av det gamle Moelven-namnet i seg, og då må det vera bra,
seier Bysheim.
Synergieffektar
- Kvifor ønskte Letthus-eigarane at de skulle kjøpa?
- Først og fremst for å få inn ein profesjonell industriell aktør som kan vera
med å vidareutvikla bedrifta til å bli endå betre. Det var nok ingen ulempe
at vi også har eit svært godt landsdekkande nett av forhandlarar. Men også
Tysse mek vil dra nytte av fleire synergieffektar gjennom eigarskapen i
Letthus, seier Bysheim.
Og kanskje den viktigaste synergieffekten for Tysse mek er at dei med tida
truleg kjem til å levera understell til Letthus.
Ei anna gunstig effekt er at dei kan samarbeida om innkjøpa.
Positive tilsette
- Korleis har dei tilsette tatt imot nyhenda om oppkjøpet?
- Dei tilsette her på Tysse er sjølvsagt informerte om oppkjøpet, og så langt
har eg ikkje fått ei einaste negativ tilbakemelding. Dei tilsette i Ringdal
var svært godt nøgde med at vi eig brorparten av selskapet, seier Bysheim,
som opplyser at dei på sikt kjem til å overta alle aksjane.
Alle dei eksisterande eigarane blir med vidare på eigarsida inntil vidare.
Alle har prosentvis seld seg ned like mykje, slik at dei no eig om lag
halvparten så mange aksjar i selskapet som før Tysse mek kjøpte seg inn.