-Dette er ein dyrekatastrofe



Rundt 20 sauer er døde etter det Mattilsynet skildrar som ein dyrekatastrofe ved Storavatnet på Osterøy. - Dei som har medverka til dette, står bak eit alvorleg lovbrot. Vi vurderer å melda dei til politiet.


Klikk for større bilde
 - Mattilsynet
LITE MAT: Utegåande sauer og geiter har hatt store problem med å finna mat i vinter. No refsar både Mattilsynet og kommunen bønder som ikkje held tilsyn med dyra sine. Her frå Herlandsnesjane på Osterøy, der Mattilsynet sanka inn og avliva ti dyr.
Foto: Mattilsynet


Publisert: 12. mar. 2010, 08:22
Oppdatert: 12. mar. 2010, 08:23


Utsegna kjem frå Arve Viken, seniorinspektør/veterinær i Mattilsynet. Han uttrykkjer stor uro for situasjonen til husdyra på Osterøy, etter at fleire umerka sauer er funne døde eller svært forkomne i området ved Storavatnet den siste tida. Den prekære situasjonen kombinert med problem med å få tak i eigarane, førte til at Mattilsynet i slutten av februar fatta eit hastevedtak. Sjølve har dei avliva ti dyr.

Utan tilsyn
I midten av januar kom dei første telefonane om at ikkje alt var som det skulle for sauer og geiter som gjekk utandørs på Osterøy. Mellom anna blei det meldt om ein flokk med om lag 20 sauer som gjekk utan tilsyn på Vare.

- Då gjekk vi ut med kunngjeringar om kva reglar som gjeld når ein skal ha husdyr ute om vinteren. Ein skal ha dispensasjon for å la dyra gå ute utan tilgang på fjøs. Det skal førast jamnleg tilsyn. I tillegg er det påbode å ha nødfôr tilgjengeleg, forklarer Viken. Men oppfordringane var ikkje nok til å betra situasjonen. I februar fekk dei på nytt fleire meldingar, denne gongen med meir alvorleg bodskap.

Drastiske tiltak
- Vi fekk høyra om kadaver, og sauer og geiter som låg halvdøde i området Vare/Herlandsnesjane, og ein flokk som gjekk utan tilsyn og utan fôr. Når det så kom 40-50 centimeter snø, bestemte vi oss for at noko drastisk måtte gjerast, seier veterinæren.

24. februar blei hastevedtaket banka gjennom. Mattilsynet skriv her at dyr som er skada, sjukt eller hjelpelaust, skal avlivast straks dersom eigaren ikkje kan oppsporast innan kort tid.

- Vi har hatt store problem med å få tak i eigarane. Det er svært mange dyr som ikkje er merka, seier Viken. Han fortel at Mattilsynet ved hjelp av eit sankegjerde i Herlandsnesjane fanga ti sauer som blei avliva. Sju kadaver er funne i same området, og fleire er funne andre stader.

Pengegriske personar
Landbrukssjef i Osterøy kommune, Lars Johan Fjelde, trur funna til Mattilsynet berre er toppen av isfjellet.

- På kontorveggen har eg eit utklipp frå Bygdanytt frå 2006, der det står at Mattilsynet skulle avliva 300 dyr. No er det kanskje ikkje så mange att, men det er likefullt svært alvorleg, seier Fjelde, som trur det er ein stad mellom 100 og 150 sauer og geiter som har lidd utandørs som følgje av mangel på fôr og tilsyn gjennom den lange og kalde vinteren. Landbrukssjefen har eit klart syn på personane som lét dyra sine gå ute på denne måten.

- Dette er ikkje vanlege bønder sine sauer. Dei kan koma frå bruk som er nedlagde, eller frå bønder som har sett ut dyra. Dette er i alle høve ikkje normal landbruksdrift, men er gjort av folk som vil tena pengar, meiner Fjelde. No krev han opprydding.

- Dette går utover ryktet til vanlege bønder. Det Mattilsynet no har gjort er berre ei byrjing. Det må gjerast meir, konkluderer Fjelde.

Politiet kan få melding
Mattilsynet har sett inn store ressursar i saka, og hadde folk ute på synfaring siste gong for ei veke sidan. Korkje då, eller på førre synfaring, blei det funne lidande dyr. Dermed ser ein no tiltaket som førebels avslutta. Men Arve Viken utelukkar ikkje at det kan koma eit etterspel.

- Det har vore fleire alvorlege brot på regelverket. Lova om dyrevelferd seier klart i frå om merking, dispensasjon for vinterbeite og tilgang på nødfôr. Eigarane av dei dyra vi har funne, har brote lova, og vi vurderer no om vi skal melda saka til politiet, seier Viken, som er direkte oppgitt over framferda til dyreeigarane.

- Det skal ikkje vera slik at dyr frys eller svelt i hel. Det er ikkje ville dyr det er snakk om. Folk kan vera ueinige i regelverket for husdyrhald, men det er som det er, og det er ikkje strengt. Dei som ikkje er i stand til å ta vare på dyra sine, bør ikkje ha dyr.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt