Stoppa ikkje miljøgata



Arbeida med miljøgata i Ytre Arna vil gå som planlagt. Bystyret vedtok i går å be byrådet koma med forslag til korleis bygda kan få ei rask og permanent parkeringsløysing.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
MÅ SKAFFA PLASSAR: Byråd Lisbeth Iversen fekk i bystyret i går det vedtaket ho treng for å jobba vidare med å skaffa Ytre Arna både ei permanent og ei mellombels løysing på parkeringsutfordringane.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 23. mar. 2010, 15:47
Oppdatert: 23. mar. 2010, 15:49


Det vart for drøy kost for fleire av partia å stoppa bygginga av miljøgata til det har kome ei løysing for parkeringssituasjonen i sentrum. Men alle greidde å bli samde om å be byrådet leggja fram ei ny sak til bystyret sitt møte 26. april.

H og KrF imot
I saka skal byrådet koma med forslag til korleis kommunen kan bidra til å framskunda ei permanent parkeringsløysing for Ytre Arna sentrum. Dette er problemstillingar som også vart tatt opp i kommunedelplanen for Ytre Arna.

Høgre og KrF røysta imot punkt to i vedtaket. Dette går ut på å be byrådet svara på korleis kommunen kan bidra til at det kan etablerast tenlege erstatningsplassar for parkeringsareal som fell bort i området under anleggsperioden. Men sjølv om to parti røysta imot, vart punktet likevel vedtatt av eit stort fleirtal i bystyret.

Følgjer opp
Byråd Lisbeth Iversen opplyser til Bygdanytt at ho i tida som kjem vil jobba for å følgja opp vedtaket til bystyret.

- Dette er ei kompleks sak som vi har brukt mykje tid på i byrådsavdelinga, og som vi har brukt og kjem til å bruka ein del tid på framover. Det er uråd i dag å seia så mykje om kva løysingar vi kjem til å føreslå for bystyret om få veker, men vi kjem aller først til nok ein gong å annonsera etter parkeringsareal i Ytre Arna, seier Iversen.

Tomta som i dag er aktuell for eit parkeringshus er det ikkje kommunen som eig. Fleire av partia i bystyret er svært skeptiske til å ekspropriera tomteland, og dermed må kommunen gå i dialog med grunneigaren for å finna den beste løysinga.

Fleire løysingar
- Det er ei rekkje ulike løysingar dersom kommunen på den eine eller andre måten skal delta i realiseringa av eit parkeringshus. Alle inneber at vi må gå i dialog med grunneigaren, og det kjem vi til å gjera, seier Iversen.

Ho fekk kritikk av fleire av dei som tok ordet under bystyrebehandlinga av saka i går, men byråden avviste kritikken. Ho viste til at ho har gjort det ho kunne gjera med bystyrevedtaket.

- Mellom anna vedtok ikkje bystyret eit rekkjefølgjekrav om å finna erstatningsplassar for dei faste parkeringsplassane som blir råka ut over det som går fram i planen. Denne oppgåva er difor løyst, presiserer Iversen overfor Bygdanytt.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt