Får neppe ny jobb på Osterøy etter konkursen



Konkursen ved Borge Garveri er den største nokosinne på Osterøy. No blir det vanskeleg for dei 69 tilsette å finna seg ny jobb i kommunen.


Klikk for større bilde
 - Sindre Øye Helgheim
UTAN JOBB: Robertas Matulevicius frå Litauen hadde jobba på Borge Garveri i to år då verksemda gjekk konkurs denne veka. - No håpar eg berre garveriet startar opp på nytt, seier han.
Foto: Sindre Øye Helgheim


Publisert: 30. apr. 2010, 08:24
Oppdatert: 30. apr. 2010, 09:27


- Eg trur vi alle går rundt som i eit lite vakuum. Vi veit kva som har hendt, men forstår det enno ikkje heilt.

120-årsjubileum i fjor
Det seier tillitsvald ved Borge Garveri, Synnøve Fjellskålnes. Det er onsdag ettermiddag og snart 24 timar sidan dagleg leiar Johannes Borge kunngjorde at verksemda i Kårvika i Lonevåg er konkurs. Etter å ha feira 120-årsjubileum i fjor, måtte leiinga ved bedrifta innsjå at finanskrise og ein problematisk vinter har gjort det for vanskeleg for selskapet.

Les også: Aldri opplevd større konkurs

Tilbake står 69 tilsette på Osterøy, samt ein person med arbeidsplass i Frankrike - alle utan jobb. Fram til i går gjekk verksemda nokolunde normalt, då det enno ikkje var avgjort kva som skjer med råvarene bedrifta sit inne med.

Dei tilsette har vore vel kjende med frostproblema som gjorde at produksjonen nærmast stod stille i januar - samt svikt i råvaresituasjonen og auka råvareprisar vinteren igjennom. Fleire er blitt permitterte dei siste månadene, og då konkursen kom var det nyleg sendt ut permitteringsvarsel til heile staben.

- Likevel kom det som ei overrasking at det har gått så langt at det vart avvikling, seier den tillitsvalde på garveriet.

Vil jobba på Osterøy
Dei tilsette er allereie blitt registrerte hos NAV, som har hatt fellesmøte med dei no arbeidslause industriarbeidarane.

Synnøve Fjellskålnes har arbeidd på Borge Garveri i fem år og må no sjå etter nytt arbeid. Aller helst vil ho bli i heimkommunen.

- No får eg berre begynna å søkja på det som er ledig. Helst vil eg ha jobb på Osterøy, sidan eg har ungar her og må henta dei på skule og i barnehage.

Det same gjeld Robertas Matulevicius. 25-åringen frå Litauen har arbeidd på garveriet sidan 2008, og er ein av få som jobbar med å sortera lær etter kvalitet og type.

- Eg håpar difor eg er verdifull og viktig for bedrifta, slik at dei treng meg om det vert ny oppstart, seier han.

Saman med sambuar og dotter har han busett seg nær arbeidsplassen i Lonevåg. Her har han ikkje lyst å flytta ifrå.

- Eg har det svært fint her, og alle som arbeider her er som ein stor familie der dei held saman, seier han, vel vitande om at det neste som ventar er arbeidsmarknaden. Matulevicius er ein av 15 utanlandske arbeidarar på garveriet.

- No vil eg først og fremst søkja meg jobb på Osterøy. Om det ikkje er mogleg, må eg sjå meg om andre stader. Men flytta frå Osterøy, det vil eg ikkje, seier han.

Må leita utanfor kommunen
Men å finna jobb for 69 nye arbeidslause på Osterøy vil ikkje vera mogeleg. Mesteparten av arbeidsstokken på Borge Garveri er busett i kommunen. NAV seier dei aller fleste må tenkja nytt når dei no skal finna seg arbeid - og at dei aller fleste må rekna med at det ikkje vert i same kommune.

- Konkursen er dramatisk for Osterøy. Dette er spesielt trist for dei tilsette - og særleg for dei som har arbeidd der heile livet. Utfordringa no vert å hjelpa dei med å finna andre jobbar. Då må dei truleg orientera seg mot Arna, Åsane, Bergen og Nordhordland. For det er klart: Det er ikkje 69 ledige jobbar på Osterøy, seier NAV-leiar Marit Natås.

Ho legg ikkje skjul på at dei garveritilsette har ein kompetanse som ikkje utan vidare passar inn kvar som helst.

- Det har vi enno ikkje kartlagt, men det seier seg sjølv at dette er ei spesiell bedrift, med knapt nok maken i heile landet, og mange av dei tilsette har nok ein unik spesialkompetanse. Men god arbeidskraft er uansett noko mange produksjonsbedrifter i fylket vil ha behov for, seier Natås.

Vil ha nytt garveri
Ordførar Kari F. Aakre (Ap) seier det kom som «lyn frå klar himmel» då ho høyrde om konkursen tysdag.

- Eg trudde ikkje det var sant då eg høyrde det på radioen. Eg har vore kjent med at dei har hatt produksjonsproblem, men ikkje at det var så dramatisk, seier ho.

Også ho vedgår at det truleg ikkje er behov for all den ledige arbeidskrafta i kommunen.

- Det er utopi at alle 69 får seg jobb på Osterøy. Det er ikkje berre Borge som er prega av finanskrisa her, så eg trur dei må orientera seg mot nabokommunar og resten av Nordhordland, seier Aakre.

Akkurat derfor håpar ho Borge Garveri vil starta opp igjen i ny drakt.

- Mitt håp er at vi skal få bedrifta i gang igjen. Her er det såpass mykje ekspertise, midlar i buet og gode lokale at det burde vera mogeleg. Kommunen har ein industrikonsulent som skal gjera sitt for å hjelpa, seier Aakre.

Også Robertas Matulevicius kryssar fingrane for det.

- No håpar eg eigentleg berre på at det vert starta opp på nytt. Det er mitt største ønskje, seier han.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt