Avklarar garveriet si framtid denne veka



Det er allereie snakk om ny oppstart ved Borge Garveri. Men eit eventuelt nytt selskap vil ha langt færre tilsette og lågare produksjon enn firmaet som gjekk konkurs.


Klikk for større bilde
 - Simen Sundfjord Otterlei
UTE AV JOBB: Øyvind Bysheim har opplevd både permittering og konkurs på Borge Garveri det siste halvtanna året. Denne veka vert det avklart om garveriet i Lonevåg startar opp igjen.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei


Publisert: 04. mai. 2010, 10:24
Oppdatert: 04. mai. 2010, 10:33


Det meiner Johannes O. Borge, dagleg leiar i konkursslåtte Borge Garveri. Han seier at det vert arbeida med planar om ny oppstart, men det vil i så fall vera i langt mindre omfang enn det garveriet som fram til i førre veke var ei viktig bedrift på Osterøy.

Sist veke vart det levert krav om oppbod i Borge Garveri AS i Lonevåg, noko som førte til den største konkursen nokosinne i næringslivet på Osterøy.

Optimisme rundt ny oppstart
70 tilsette frå verksemda med 120 års historie bak seg, går no ei uviss framtid i møte. Men optimismen og håpet rundt ein ny oppstart har vore stor blant dei tilsette, slik tillitsvald Synnøve Fjellskålnes mellom anna fortalde i Bygdanytt fredag.

Også ordførar Kari F. Aakre (Ap) tok sterkt til orde for at alt må gjerast for å prøva å få i gang igjen produksjonen ved det som var eitt av to garveri i heile Noreg. Aakre peika særleg på spesialkompetansen til dei tilsette, og at det ikkje finst arbeidsplassar som kan samanliknast med det no konkursslåtte garveriet.

Det vil heller ikkje vera lett for dei no arbeidsledige garveritilsette å finna seg arbeid på Osterøy, ifølgje NAV. Arbeidsløysa i kommunen steig frå 2,7 til 4,5 prosent med konkursen sist veke - og det er få ledige arbeidsplassar.

For alle dei som kryssar fingrane for at det også i framtida vert drive garveri i Kårvika ved Lonevåg, kan det vera håp. Det fortel Johannes O. Borge, mangeårig dagleg leiar ved Borge Garveri.

Snakkar om nytt selskap
Alleire sist veke fortalde han at det blir snakka om å starta opp eit nytt selskap, som skal driva produksjonen av lær og skinn vidare.

- Det er enno tidleg å seia, men her er diskusjon om kva ein kan gjera for å få til vidare drift. Det er dette vi no arbeidar med, seier Borge.

- Er det noko du kunne tenkja deg å vera involvert i sjølv?

- Ja, det er det. Men eg vil ikkje spekulera for mykje i det. For at det skal la seg gjera er det ein del føresetnader som må på plass, så får ein sjå om det er moglegheiter. Så langt er vi ikkje komne enno.

Borge har dei siste dagane vore travelt opptatt i møte med bustyrar, advokat og investorar. Til og med torsdag gjekk drifta ved garveriet nokolunde som normalt, då ein heldt fram med produksjon basert på det ein sat inne med av råvarer. Fredag og måndag har ingen vore på arbeid på grunn av avviklinga.

Denne veka vert det arbeidd for fullt med planlegging av eit nytt garveri-selskap, fortel Johannes O. Borge.

Les også dagens leiar: Tragisk for Osterøy

Framtid i mindre format
Men han legg likevel ein viss dempar på det som eventuelt finst av optimisme om framtidig garveridrift. Ein av grunnane til at Borge Garveri gjekk konkurs, var ein sviktande råvaresituasjon. Det har over ein lengre periode vore vanskeleg å få tak i tilstrekkelege mengder råvarer, noko som også har ført til at prisane har gått opp.

Det betyr at eit framtidig nytt garveri ikkje vil kunna drivast i like stort omgang, meiner Johannes O. Borge.

- Om det skal startast opp igjen, kan det ikkje vera i same form eller format.

- Så det vil vera snakk om ein langt mindre utgåve av Borge Garveri?

- Ja, det er heilt sikkert. Det vil ikkje vera mogeleg å driva med same volum som vi har gjort fram til i dag, seier Borge.

Han trur at om det skal vera forsvarleg med framhald for garveriet, må dei koma i gang snarleg.

- I løpet av denne veka må mesteparten vera avklart, meiner han.

Har du tips om denne eller liknande saker? Kontakt journalisten!





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt