Fransk nei til garveriet



Motehuset Louis Vuitton, som kunne ha redda Borge Garveri, vil likevel ikkje satsa på Osterøy. No spøkjer det for vidare drift.


Klikk for større bilde
 - Sindre Øye Helgheim
NON FRÅ FRANKRIKE: Robertas Matulevicius og dei andre tidlegare tilsette på Borge Garveri må enno venta i spenning på avklaring om framtida til garveriet.
Foto: Sindre Øye Helgheim


Publisert: 11. mai. 2010, 13:50
Oppdatert: 11. mai. 2010, 13:50


Sist veke vart det kjent at det som i mange år har vore ein stor kunde av Borge Garveri, kunne bli avgjerande for vidare garveridrift i Lonevåg. Eit fransk motehus var i fleire dagar i tenkeboksen på om dei ville gå inn som investor i lær- og skinnproduksjonen tilhøyrande Borge-familien, slik at eit nytt selskap kunne overta drifta i dei tradisjonsrike lokala i Kårvika.

Fredag kom svaret, men det var langt frå det dagleg leiar i konkursslåtte Borge Garveri AS, Johannes O. Borge, hadde håpa på.

— Det vart negativt svar frå Frankrike, konkluderer Borge.

Vil ikkje ut med årsaka
Det var luksusleverandøren Louis Vuitton, kanskje mest kjent for sine ekslusive vesker, som i fleire dagar var i forhandling med leiinga ved tidlegare Borge Garveri AS. Det franske motekonsernet ønskte å få levert garva skinn frå Osterøy også i framtida, og blei i førre veke omtalt som «avgjerande» og «viktig» for om garveriet kunne starta opp igjen.

Kva som gjorde at dei til slutt trekte seg, vil ikkje Johannes O. Borge kommentera.

— Eg ønskjer ikkje å gå inn på det, seier han.

Men alt håp er enno ikkje ute for garveriet, då det framleis vert jobba i kulissene for å finna partnarar til ei nystarting.

Plan B
Det er no to veker sidan meldinga kom om at garveriet vart slått konkurs etter 120 års drift.

At nokre av dei 69 som mista jobbane sine på Osterøy kan koma tilbake til garveriverksemda, er med andre ord framleis mogeleg.

— Vi har ein plan B, som vi jobbar med no. Om vi får den i hamn eller ikkje, må vi få ei avgjerd på i dag, tysdag, eller i morgon, seier Borge.

Då det vart snakka om ny oppstart i førre veke, var han klar på at med fransk hjelp ville det bli eit langt mindre garveri enn det Borge Garveri AS stod bak. Den nye «plan B» vil bli endå mindre enn det motekjennarane i Louis Vuitton kunne ha hjelpt til med.

— Om vi får ein sjanse med det alternativet vi no jobbar med, får vi ikkje den volumproduksjonen som vi opphaveleg hadde tenkt oss i eit nytt garveri.

Og jo mindre omfanget av ein eventuell ny produksjon vert, dess større er sjansane for at det ikkje vil vera lønsamt. Det spøkjer med andre ord for eit nytt garveri på Osterøy.

— Når vi ikkje får eit slikt volum som vi først hadde tenkt oss, må vi vurdera om det i det heile tatt er nok til å starta opp vidare drift, seier Johannes O. Borge.

Han har gitt seg sjølv tidsfrist ut denne veka med å finna svar på det.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt