Vil kjøpa bilar for
3,5 millionar kroner



Rådmannen i Osterøy meiner kommunen kan spara pengar på å eiga bilar, framfor å leiga dei. Han ber difor formannskapet om over tre millionar kroner til bilkjøp.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
VIL KJØPA BILAR: Rådmann Odd Ivar Øvregård ber om 3,5 millionar kroner frå politikarane for å kjøpa bilar.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 08. jun. 2010, 09:00
Oppdatert: 08. jun. 2010, 09:00


I løpet av dei komande tre åra ønskjer rådmannen å bruka samla 3,2 millionar kroner på å kjøpa nye tenestebilar. I tillegg kjem 300.000 kroner for å kjøpa ny varebil til hjelpemiddelsentralen fordi den dei har har vorte for gammal.

Mest i 2012
Alt i år går fem av leasingkontraktane ut, medan like mange går ut neste år. Rådmannen ønskjer at politikarane set av 750.000 kroner både i år og i 2011 til å kjøpa nye bilar.

Den største summen skal brukast i 2012. Då treng rådmannen 1,7 millionar kroner til bilkjøp for å erstatta dei 11 leasingkontraktane som går ut.

Tanken er at det er kommunen som eig bilane, men dei skal «leigast» ut til kvar einskild eining, som blir trekt i budsjettet for leigekostnaden.

Mykje å spara på sikt
Det er først og fremst på sikt den store innsparinga kan koma, men den er vanskeleg å talfesta.

Ved at kommunen sjølv tar opp lån og kjøper bilane i staden for å leiga dei, blir den årlege innsparinga om lag to prosent berre i lågare rentekostnader.

Leasing er dyrt fordi ein ved etableringa av ein leasingkontrakt må betala eingongsgebyr og tinglysingsomkostningar, i tillegg til terminkostnader. Ved å ta opp eit felles lån for fleire bilar reknar rådmannen med å redusera etablerings- og terminkostnadane.

150.000 per bil
Men det er langt frå sikkert at kommunen berre kjøper nye bilar. Når ein leverer inn ein leigebil etter avslutta kontraktsperiode, blir bilen gjennomgått for manglar og skadar. Kommunen vert då trekt for dette.

Rådmannen opnar for at kommunen i staden kan kjøpa ein eller fleire av desse bilane i staden for å levera dei tilbake. Ein bil som er nedbetalt har dermed ikkje lenger kapitalkostnader, «berre» drifts- og vedlikehaldskostnader.

Rådmannen reknar med å måtta betala om lag 150.000 kroner i snitt per bil.

Dersom kommunen kan kjøpa nokre av bilane dei leiger i dag, trur ikkje rådmannen det vil vera nødvendig å bruka heile investeringsramma på 3,2 millionar kroner.

Saka blir behandla av formannskapet i morgon, medan heradsstyret gjer endeleg vedtak.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt