Prognosane for 2010 viser at Osterøy kan få eit underskot på over ti millionar
kroner. Det er langt meir enn ein rekna med for to månader sidan.
I PENGEKNIPE: Dei store overskridingane på Osterøy-budsjettet i år, kan gjera det vanskeleg å starta nedbetalinga på tidlegare års underskot.
Foto: Arkiv
Rådmannen har hatt ein ny gjennomgang av korleis det stod til økonomisk på
Osterøy ved utgangen av april, og konklusjonen er at det negative avviket
kan passera ti millionar kroner dersom ikkje tiltak blir sette i verk.
Tøffe tiltak
Sjølv om tala ser illevarslande ut i dag, er det viktig å presisera at
prognosane er baserte på at drifta blir vidareført utan innstrammingstiltak.
Det kjem ikkje til å skje.
Rådmannen varslar at negative avvik på eit budsjettområde i utgangspunktet
skal dekkast inn så langt som råd gjennom sparetiltak på same området.
Det er fleire viktige forklaringar på kvifor underskotet blir så stort.
Nedbetaling av oppsamla underskot frå tidlegare år er ein budsjettpost som
har lege inne lenge, og som difor ikkje er overraskande.
Men det merkast likevel godt for ein fattig kommune å få ei ekstrautgift på
7,5 millionar kroner berre i år på manglande økonomistyring frå tidlegare
år.
Sosial og barnevern
Denne budsjettposten kan korkje politikarane eller rådmannen gjera så mykje
med. Det dei kan prøva å ta tak i er dei galopperande utgiftene innan
barnevern og sosialtenesta.
Utfordringa her er at dei berre i mindre grad kan styra sakstilfanget og dei
økonomiske konsekvensane. Både lovverket og rettane folk har styrer store
delar av utgiftene på desse områda.
Det negative avviket på 2,4 millionar kroner innan barnevernet skuldast i
hovudsak stor auke i talet på meldingar og fleire kompliserte og
ressurskrevjande saker. Det har igjen ført til auke i mellom anna dyre
institusjonsplassar.
Kan ikkje dekka alt
Sosialtenesta sitt overforbruk på 1,5 millionar kroner i høve budsjettet
skuldast mellom anna auka utgifter til livsopphald, husleige og straum.
På kort sikt er det vanskeleg å spara pengar innan barnevernet. Skal
budsjettområdet halda ramma, må difor skule, barnehage, vaksenopplæring og
kulturskule dekka dette avviket, noko rådmannen slår fast dei neppe vil
greia fullt ut.
Målet til rådmannen er difor å dekka avvika i så stor grad som mogeleg. Dei
negative konsekvensane vil verta for store dersom han skulle sett i verk
større sparetiltak.
Alle må bidra
Det samla avviket innan helse, omsorg og sosial er på heile 4,4 millionar
kroner, men rådmannen legg opp til at dette skal reduserast til to
millionar.
Også dei budsjettområda som ikkje har avvik må redusera drifta for å bidra
mest mogeleg til det samla resultatet.
På den positive sida har både stab/leiing og miljø/teknikk greidd å redusera
sine budsjettavvik med fleire hundre tusen kroner kvar.
Tiltaka og målsetjingane skal føra til at underskotet skal ned til vel fem
millionar kroner. Då er det ikkje meir att til underskotsdekkinga enn 2,35
millionar. Dermed blir det endå meir å dekka inn dei to komande åra.