Ole Bull sigler igjen



Ferjestans førte til problem for folk som skal til og frå Valestrand.


Klikk for større bilde
 - Eirik Boge
SIGLER IKKJE: Ferja «Ole Bull» har tekniske problem og er ute av drift ut dagen.
Foto: Eirik Boge


Publisert: 15. jun. 2010, 13:16
Oppdatert: 17. jun. 2010, 10:40


Ferja «Ole Bull» er tilbake i normale ruter, etter å ha vore ute av drift i to dagar. Frå og med klokka 05.40 torsdag morgon var ferja tilbake på sjøen mellom Breistein og Valestrand.

Dagleg leiar i Osterøy Ferjeselskap AS, Leiv-Magne Skaar, fortel at ferja fekk tekniske problem i 09-tida tysdag.

— Det er problem med motoren, og det gjer at vi må gjera nokre utskiftingar, seier han.

Ferja låg lenge til kai på Valestrand, og det var usikkert kva tid ho igjen kunne gå. Etter først å ha antyda at ho ville vera tilbake igjen i drift onsdag, måtte ein utsetja dette.

— Det vart litt lenger enn planlagt, men då fekk vi til gjengjeld gjort svært mykje, seier Skaar.

Det var ein vasslekkasje i motoren som førte til at folk i to dagar måtte køyra over Osterøybrua for å koma seg til fastlandet.

— Vi måtte skifta til reservemotoren, då det såg ut som det skreiv seg frå ei øydelagt fôring. Slikt vert alltid litt dyrt, men det er også reparasjonar vi er førebudde på å måtta ta, seier Skaar.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt