Etter det Bygdanytt kjenner til vil byrådet gå inn for å endra opptaksgrensa i
Arna. Det er godt nytt for Haugland skule.
RAPPORT: I alt 17 foreldre ved Haugland skule har vore med på å laga ein svært grundig rapport om skulen. Atle Lothe, som er med i ressursgruppa, har eit godt håp om at byrådet ikkje vil gå inn for å leggja ned skulen.
Foto: Ronny Bertelsen
I månadsskiftet juni/juli legg byrådet fram forslaget til skulebruksplan for
dei komande åra. For Arna sitt vedkomande er ei sentral problemstilling om
byrådet vil gå inn for å gjera endringar for elevane i Ytre Arna og Haugland.
Lov og konvensjon
Bakgrunnen for uroa ved dei to skulane er at selskapet Norconsult har vurdert
aktuelle strukturelle endringar i bergensskulen. Rapporten luftar tanken om
å leggja ned Haugland skule og flytta elevane over på Ytre Arna barne- og
ungdomsskule. For å få nok plass her kan ungdomstrinnet på Ytre Arna skule
flyttast til Garnes og eventuelt Kyrkjekrinsen.
Både opplæringslova og barnekonvensjonen seier at tiltak eller endringar som
rammar skule og born skal vera til det beste for borna. Ei ressursgruppe som
er nedsett lokalt på Haugland meiner at det ikkje var dette som var
utgangspunktet då kommunen tinga rapporten, men at det ligg økonomiske motiv
bak. Dermed meiner gruppa at kommunen ikkje handlar i tråd med lova og
konvensjonen.
30 fleire
Ein grundig rapport som ressursgruppa har utarbeidd føreslår å endra
opptaksgrensene mellom Arna og Åsane slik at born som bur langs
Hetlebakkvegen og/eller Blindheimsvegen kan gå på Haugland skule. Også Arna
KrF har tatt opp dette spørsmålet i eit brev til skulebyråden. Ved å gjera
eit slik grep kan Haugland skule få om lag 30 fleire elevar. Borna i dette
området bur nærmare Haugland enn skulen dei går på i Åsane. Intensjonen i
opplæringslova er at borna skal gå på den nærmaste skulen. Etter det
Bygdanytt kjenner til vil byrådet støtta forslaget.
Atle Lothe i ressursgruppa håpar det stemmer at opptaksgrensene i Arna blir
endra i retning mot Åsane.
— Eg har også høyrt at ei justering av grensene i retning Åsane er eit av
forslaga i skulebruksplanen. Og det støttar vi hundre prosent, seier Lothe.
Ventar med å jubla
— Blir champagneflaska opna no?
— Nei, sjølvsagt ikkje. Vi slepp ikkje jubelen laus før saka er endeleg
avgjort i bystyret. Det er også nokre dagar til forslaget til skulebruksplan
kjem ut på høyring, men dersom det stemmer at byrådspartia går inn for ikkje
å leggja ned Haugland skule, tyder mykje på at det vil bli eit stort
fleirtal for dette i bystyret. Eg trur eg kan seia det slik at vi er eit
lite steg nærmare å redda skulen, seier Lothe.
— Det er litt av ein rapport de har laga?
— Ja, vi er godt nøgde sjølve. Det er mange som har gjort ein stor jobb med å
laga rapporten, som vi meiner har vorte både grundig og god.
— Burde de ha venta til etter at byrådet har lagt fram skulebruksplanen med å
presentera innhaldet?
— Det kunne vi ha gjort, men vi valde å presentera det i god tid før dette.
Ein kan aldri vera sikker på kva tid i prosessen politikarane byrjar å ta
stilling i saka, så vi ønskte å vera ute så tidleg som mogeleg. Og kven
veit, kanskje byrådet i rapporten vår finn endå fleire gode argument for
ikkje å leggja ned Haugland skule og ungdomstrinnet i Ytre Arna, seier Lothe.
-Grundig rapport
Oppvekstbyråden er imponert over rapporten foreldra på Haugland har laga,
men han er taus om saka før ho er offentleg.
— Ja, det er ikkje ofte ein ser slike omfattande innspel som dette. Det er ein
svært grundig rapport som politikarane heilt sikkert kjem til å lesa med
interesse, seier oppvekstbyråd Filip Rygg (KrF).
— Men rapporten kom kanskje noko tidleg, ettersom vi ikkje har lagt fram
skulebruksplanen enno. Byrådet kjem også til å leggja fram ein revidert plan
på bakgrunn av innspela vi får, og også denne vil det bli mogeleg å koma med
merknader til. Alle skal vera trygge på at vi ikkje skal ha hastverk i ei så
stor og viktig sak som dette, seier Rygg.
Nærskule viktig
— Etter å ha lese rapporten er vel du også overtydd om at Haugland skule ikkje
bør leggjast ned?
— Eg kan ikkje kommentera innhaldet i skulebruksplanen før han er lagt fram.
Det eg kan seia om dette er at prinsippet om nærskule, som også lova seier
noko om, er viktig for byrådet. Når det er sagt, vil eg leggja til at det er
fritt skuleval i Bergen. I praksis tyder det at ein elev som bur i Arna kan
gå på skule i ein annan bydel så lenge det er plass her, seier Rygg.
I samband med arbeidet med skulebruksplanen vil det bli halde eit ope møte i
Arna der alle som ønskjer det kan delta.