Kurt Oddekalv melde Sjøtroll Havbruk til politiet for lekkasje på Bruvik. No
får han gjennomgå både på Facebook og frå selskapet. Leiaren for Sjøtroll
meiner samarbeidspartnarane til Miljøvernforbundet må vurdera å stoppa
støtta.
TILGRISA: Slik såg det ut i sjøen på Bruvik torsdag i førre veke.
Foto: Åse Hartveit Faugstad
FÅR KJEFT: Kurt Oddekalv tok med seg ei prøve frå det tilgrisa vatnet på Bruvik førre fredag. Same dag melde han oppdrettsselskapet Sjøtroll Havbruk AS til politiet. Det får han gjennomgå for no, sjølv om resultatet av prøvene framleis ikkje er klart.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei
”Eg er sikker på at arbeidsmetodane til Oddekalv svekkjer Miljøvernforbundet
ganske kraftig.
— Det er blitt ein del stygge kommentarar på internett, mellom anna på
Facebook. Og Sjøtroll er så sjølvtilfredse at dei gjekk ut med
pressemelding, seier Kurt Oddekalv. Tysdag gjekk Oddekalv sjølv ut i
Bygdanytt og sa at han ville melda Sjøtroll Havbruk AS til politiet for
forureining i Sørfjorden. Han var sikker på at oppdrettsanlegget selskapet
har utanfor Bruvik var skuld i at eit stort område i sjøen nedanfor kyrkja i
bygda nyleg var dekka av gulbrun masse.
Det var ikkje Sjøtroll einig i. Selskapet var på si side sikker på at det var
pollen som hadde samla seg inne i vika. To biologiprofessorar frå
Universitetet i Bergen støtta Sjøtroll, som tysdag, same dag som artikkelen
i Bygdanytt sto på trykk, sende ut ei pressemelding.
-Løgnaktig åtferd
Her vert Oddekalv skulda for å «mangla kunnskap», og å koma med «grunnlause
påstandar» for å freista å svekka «omdømmet til både ei enkelt bedrift – og
til ei heil næring, med løgnaktig åtferd».
Det er administrerande direktør i Sjøtroll Havbruk som uttalar seg i
pressemeldinga. Han utdjupar bakgrunnen for sine synspunkt.
— Anlegget vårt er tett, og vi er sikre på at dette ikkje kjem frå oss. Av
bileta vi har tatt, ser ein tydeleg at det er eit pollenlag. Slike lag kan
ein sjå fleire stader i landet, sjølv om det ikkje er oppdrettsanlegg i
nærleiken, seier Hans Runshaug, som blir sitert på følgjande i
pressemeldinga:
— Dette er jo pensum i dei aller første leksjonane om blomstrane og biene.
-Folk ristar på hovudet
Sjøtroll-sjefen seier det er tydeleg at Oddekalv vil øydeleggja for
oppdrettsnæringa, men at han på langt nær lukkast med framgangsmåten sin i
denne saka.
— Eg er mektig lei av at han ikkje kan bruka dei same framgangsmåtane som
andre seriøse miljøorganisasjonar, som gjer gode undersøkingar før dei kjem
med påstandar. Eg har følgd med på arbeidet hans ganske lenge, og er sikker
på at det svekkjer Miljøvernforbundet ganske kraftig. Folk ristar berre på
hovudet, hevdar Runshaug.
Oppdrettsleiaren meiner selskapa som støttar arbeidet til Miljøvernforbundet
burde tenkja seg om to gonger.
— Det er fleire store namn på sponsorlista. Eg lurer på om dei er klare over
kva dei sponsar. Dersom eg skulle sponsa nokon, ville eg vore oppteken av
gode haldningar og styrt unna folk som opptrer useriøst.
Ingen endelege svar
Kurt Oddekalv er i Tromsø, og seier han ikkje har hatt tid til å sjekka
prøvane han tok med seg frå Bruvik. Det har heller ikkje Sjøtroll gjort. Dei
reknar med å ha resultata klare i løpet av få dagar.
Dermed er det heile førebels ein rein ordkrig. Ekspertane Bygdanytt snakka med
tidlegare denne veka trur på Sjøtroll-siger. Det gjer ikkje leiaren i
Miljøvernforbundet.
— Den einaste planten som kunne ha medført så store konsentrasjonar av pollen,
er furu. Men så vidt eg veit har ikkje den «gytingstid» no, seier Oddekalv.
OBS! Ifølgje Norges Astma- og Allergiforbund blømer furua vanlegvis i
dei to første vekene i juni. Andre kjelder melder at bløminga kan koma både
i mai og starta i midten av juni.
Totalkrav på 8 millionar
Det er ikkje første gongen Norges Miljøvernforbund (NMF) melder Sjøtroll AS
til politiet. I mars framsette organisasjonen krav om fengselsstraff i
inntil tre månader for dei ansvarlege og ei bot på minimum fem millonar
kroner etter at NMF hadde tatt videobilete av forureina havbotn under
anlegget til Sjøtroll ved Osterøybrua. Adm. dir. Hans Runshaug i Sjøtroll
meiner å ha klare prov på at bileta ikkje er tatt under sjølve anlegget, og
at det dermed ikkje kan påvisast at det stammar frå dette. I politimeldinga
frå Bruvik krev NMF same strafferamme og ei bot på minst tre millionar
kroner, for grovt brot på forureiningslova gjennom akutt utslepp og
manglande reaksjon på dette.