Innbyggjartalet på Osterøy aukar, men det er nok ikkje alle som kjem kommunen
vil ha. Billege bustader lokkar også sosialklientar til øya.
KOSTBART: NAV på Osterøy har ein del å slita med for tida. Talet på sosialklientar er på veg oppover og sakene har vorte tyngre. Låge buutgifter gjer Osterøy til ein freistande kommune å bu i blant sosialklientar. Og ikkje reint sjeldan slit desse også med å ta seg av borna sine. Det fører igjen til stor auke i barnevernutgiftene.
Foto: Arkiv
Sjølv om ikkje Osterøy kommune sin utgifter til sosialhjelp fordelt per
innbyggjar i kommunen er høgare enn det som er vanleg i landet, er det auken
i utgiftene som skapar kluss i rekneskapen. Utgiftene er også høge dersom
ein samanliknar med kommunar som er om lag like store som Osterøy.
Barnevernsdobling
Men det er ikkje berre innan sosialtenesta utgiftene galopperer og som gjer at
heradsstyret no må spara fleire millionar kroner. Innan barnevernet har
utgiftene på landsbasis auka med vel 50 prosent i løpet av dei siste åtte
åra. På Osterøy er utgiftene nesten dobla.
Barnevernsutgiftene i Osterøy ligg i dag på eit noko høgare nivå enn det som
er gjennomsnittet for alle kommunane i landet, og auken frå i fjor til i år
er 2,4 millionar kroner.
Legg til ein utgiftsauken innan sosial på 1,5 millionar kroner, blir det samla
nesten fire millionar kroner. Ingen gigantisk sum, men nok til at kommunen
ikkje får gjort opp gjelda frå tidlegare års dundrande underskot.
Lite tyder på at det er så mange fleire ostringar som har vorte sosialklientar
eller treng hjelp frå barnevernet. På sist møte i heradsstyret forklarte
rådmann Odd Ivar Øvregård at låge bustadprisar kunne vera noko av bakgrunnen
for den store utgiftsauken. Rett og slett fordi «kostbare» familiar som i
dag bur i andre kommunar flyttar til Osterøy grunna prisnivået.
Låge bustadprisar
Regelen er slik at det er den kommunen dei bur i som også må betala utgiftene.
Ein kommune kan med andre ord spara ein del pengar på å at familiar som
kostar kommunen dyrt flyttar til ein annan kommune.
Ei årsak til å flytta til Osterøy kan vera at buutgiftene vil gå ned. I til
dømes Bergen var i fjor den gjennomsnittlege kvadratmeterprisen for ein
bustad mellom 21.000 og 2.000 kroner. I Osterøy slapp ein unna med knappe
12.000 kroner.
Det same gjeld for leigeprisane. Det er om lag 25-30 prosent lågare
leigeprisar i spreiddbygde strok samanlikna med byar og tettbygde strok.
Fritt land
Varaordførar Ingemar Tepstad presiserer at sjølv om utgiftsauken er stor, har
han ingen planar om å stikka kjepper i hjula for nokon som ønskjer å flytta
til Osterøy.
— Det er eit fritt land og alle kan flytta til akkurat den kommunen dei
ønskjer. Ei anna sak er det at kommunar som har ekstra høge utgifter innan
barnevern før få desse delvis dekka av staten. Når det gjeld låge
bustadprisar, så er det både føremoner og ulemper med det. Eg reknar med at
bustadprisane her vil gjera eit byks oppover når brua om fire år blir
gratis. Då trur eg Osterøy vil bli ein endå meir attraktiv kommune å busetja
seg i, seier Tepstad.