Lite makt i heradsstyret



Fleire av medlemmene i heradsstyret på Osterøy er misnøgde med at det er lite politikk att når sakene kjem til det øvste organet. Johannes Bysheim (SV) slit med motivasjonen.


Klikk for større bilde
 - Arkiv

Foto: Arkiv


Publisert: 25. jun. 2010, 10:14
Oppdatert: 25. jun. 2010, 10:20


Fram til 2003 hadde Osterøy kommune fagutval, i tillegg til formannskapet, der medlemmer i heradsstyret var med. Dette vart endra for sju år sidan, slik at Osterøy berre hadde att heradsstyre og formannskap, som også fungerte som det faste utval for plansaker.

Skulle innføra
Etter å ha hatt det slik i fire år var røynslene til fleire av medlemmene i heradsstyret at det var lite att av debatten og at sakene langt på veg var avgjorte før dei kom til det øvste organet.

Det førte til at det vart semje om å innføra utvalsmodellen att 1. mars 2008, men det gjekk ikkje lang tid etter valet same haust før politikarane vedtok at dei av økonomiske årsaker likevel ikkje skulle innføra ordninga med utval.

Oppsummeringa etter nye tre år viser at brorparten av medlemmene i heradsstyret knapt nok har vore på talarstolen. Det gjeld ikkje Erling Raknes (Ap), Johannes Bysheim (SV) og Geir Iversen (V), men dei er likevel kritiske til arbeidsmengda i heradsstyret.

SV og V er dei einaste to partia som ikkje har fast plass i formannskapet, og særleg Johannes Bysheim tykkjer det til tider har vore svært kjedeleg på møta.

Ikkje spennande
— Når sakene stort sett alt er avgjorte når dei kjem i heradsstyret, seier det seg sjølv at det ikkje særleg spennande å sitja der, seier Bysheim.

Han fryktar kjedelege saker og mangelen på innverknad på politikken kan få konsekvensar for rekrutteringa til politikken.

— Eg håpar det ikkje gjer det, for det er heilt nødvendig med dyktige folk på dei ulike fagfelta i politikken. Men eg ser ikkje bort frå at fleire av dei som i dag anten alt er med i heradsstyret eller vurderer å bli med i politikken vil vegra seg. Sjølv har eg ikkje bestemt meg for om eg ønskjer å ta fire år til neste år, seier Bysheim.

Bysheim avviser at det treng kosta noko særleg ekstra å innføra ei ordning med fagutval. Han var innkalla som vara til formannskapsmøtet for vel eit par veker sidan, og to timar før møtet fekk han 200 sider i henda.

Lite politikk att
— Det seier seg sjølv at ein ikkje greier å setja seg inn i så mange saker på så kort tid. Formannskapet brukte heller ikkje meir enn eit par timar på desse sakene. Det endar som regel med at politikarane vedtar innstillinga frå rådmannen fordi det er det tryggaste og enklaste, og dermed blir det ikkje nokon politikk tilbake. Ved å innføra utval att og ha møta etter klokka 16.00, som for heradsstyremøta, vil engasjementet auka, sakene bli betre behandla politisk og ein ville flytta ein del makt frå administrasjonen til politikarane, der makta skal vera, seier Bysheim.

Siste året
Heller ikkje Geir Iversen (V) meiner det er særleg spennande å sitja i heradsstyret.

— Det er vanskeleg å peika på kva som har skjedd, men særleg det siste året har det til tider vore kjedeleg i heradsstyret. Dei to første åra var meir spennande, seier Iversen.

Han reknar likevel med at det i tida framover vil bli meir å gjera. Då skal dei behandla både kommuneøkonomien og kommuneplanen, samt at rapporten om skulestruktur er like om hjørnet.

— Eg er tilhengar av å innføra utval som kan få ansvar for eigne saksområde. Det vil utan tvil gjera det meir spennande for heradsstyret å driva med politikk, seier Iversen.

Treng utval
Men også dei som tilhøyrer parti som har både eit og to medlemmer i formannskapet slit med motivasjonen. Tidlegare mangeårig ordførar Erling Raknes er ein av dei.

— Slik det fungerer no er det fare for at partia vil slita med å rekruttera folk til å stå på kommunevallista, men dette er sjølvsagt noko ein ikkje veit noko om i dag.

— Er løysinga å få tilbake strukturen med utval mellom rådmannen og heradsstyret?

— Planen var å innføra dette att for eit par år sidan, men det vart lagt på is. Eg trur desse planane må fram att, seier Raknes, som uavhengig av denne saka ikkje kjem til å ta attval.

For dyrt no
Ordførar Kari F. Aakre (Ap) er samd i at utval kan vera ein god ide, men ho trur ikkje det kjem til å bli innført så lenge den økonomiske situasjonen er så stram som i dag.

— Å innføra fleire politiske organ vil kosta pengar, mellom anna i form av møtegodtgjering og at tilsette må bruka arbeidstid til saksførebuing. Dette er pengar kommunen heller bør bruka på spesialundervisning og pleie og omsorg. Dersom økonomien skulle bli ein annan, kan vi ta opp att planane om om utval, seier Aakre.

Ordføraren rår heradsstyremedlemmer som ønskjer meir å gjera politisk om å bli endå meir aktive på gruppemøta partia har i forkant av møta. Det gjeld då først og fremst for dei større partia.

— For parti med eit eller to medlemmer i heradsstyret kan desse bli med på gruppemøta i andre parti. Venstre møter i dag på gruppemøta til Høgre, og SV må gjerne koma på gruppemøta våre, seier Aakre.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt