Får ikkje byggja
på jernbaneareal



Bergen kommune ønskte i kommuneplanen å bruka areal ved Arna stasjon og Trengereid stasjon til mellom anna bustadføremål. Det får dei ikkje.


Klikk for større bilde
 - Arkiv
IKKJE BUSTADBYGGING: Bergen kommune har i kommuneplanen sett av areal ved Trengereid stasjon og Arna stasjon til mellom anna bustadføremål. Det klaga Jernbaneverket på, og no har dei fått medhald av Miljødepartementet.
Foto: Arkiv


Publisert: 25. jun. 2010, 10:17
Oppdatert: 25. jun. 2010, 10:17


Onsdag vart det kjend at Jernbaneverket hadde fått full støtte i synet på at Bergen kommune kan nytta areal ved dei to jernbanestasjonane frå jernbaneføremål til byggjeføremål. Jernbaneverket hadde også protestert på tre andre punkt i arealdelen til kommuneplanen, men her hadde Jernbaneverket ikkje fått medhald på alle punkt.

Kan trenga areala
Bakgrunnen for at Jernbaneverket klaga på planen var ut frå rikspolitiske retningsliner for samorda areal- og transportplanlegging, samt innhaldet i Nasjonal Transportplan (NTP) fram til 2015.

«Dersom de nasjonale mål knyttet til kollektivtrafikk og godstransport skal nås, er det viktig at områder som er regulert til jernbaneformål ikke omreguleres til byutviklings- og boligformål», skriv Jernbaneverket.

Vidare peiker Jernbaneverket på at det ikkje finst gode alternativ som kan erstatta terminalstrukturen ein har i dag i Bergen, og at det difor er viktig for Jernbaneverket å sikra seg areala dei har på eigen grunn.

Frå veg til bane
Bergen kommune fekk heller ikkje støtte i 
Samferdsledepartementet. Departementet meiner det er viktig å leggja til rette for at kapasiteten på eksisterande terminalar kan aukast på kort sikt, og at det er avgjerande for å få realisert målet om å få meir meir gods over frå veg til bane.

På lengre sikt kan likevel dette endrast. I samband med mellom anna konseptvalutgreiinga for Regionpakke Bergen deltar Jernbaneverket i dette arbeidet, mellom anna ut frå ønskje om å vurdera lokalitetar for jernbanetilknyting og godsterminalfunksjoner knytta til ny hamn.

Desse utgreiingane kan føra til at Jernbaneverket sin arealtrong på lengre sikt kan endrast. Dette kan dermed få konsekvensar i samband med ein seinare revisjon av kommuneplanen.

Bør avklarast
Miljøverndepartementet meiner jernbaneomsyn må vega tungt i denne saka, og at det er viktig at areal som er nødvendig for ein føreseieleg drift av jernbanenettet blir sikra.

«Skal Norge nå klimamålsettinger og målsettinger knyttet til areal og transport er det viktig at det satses og fokuseres på jernbanedrift lokalt, regionalt og nasjonalt», skriv departementet, som slår fast at Bergen kommune sitt planforslag er i strid med nasjonale føringar.

Når det er sagt, meiner departementet også det er nødvendig med ei grundig avklaring av jernbanen sin framtidige trong for areal i høve til miljøvennleg byutvikling og fortetting.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt