Ostring og AUF-topp Tore Eikeland meiner Osterøy og Arna høyrer saman i ein
kommune. — Det vil begge tena på, seier Eikeland.
BRUA BINDER SAMAN: Ostring og AUF-topp Tore Eikeland vil slå saman Arna og Osterøy i ein stor kommune. Han trur innbyggjarane både i Arna og på Osterøy vil lika tanken.
Foto: Ronny Bertelsen
Det kan høyrast som ein 1. april-spøk, og er det truleg for mange. Men ikkje
for Tore Eikeland. AUF-toppen viser til at mange framleis hugsar godt at
delar av Arna og delar av Osterøy inntil for nesten 50 år sidan var saman i
Haus herad, sjølv om dette var lenge før han vart fødd. At det også
tidlegare har vore «ekteskap» mellom Arna og Osterøy, meiner Eikeland ikkje
akkurat er noko ulempe for at det kan skje igjen.
Meir demokrati
Han meiner det er langt fleire positive konsekvensar av å slå Arna saman med
Osterøy enn negative.
— Aller først vil eg presisera at det ikkje er kommunesamanslåing som er
målet. Målet er å få eit betre tenestetilbod, sunnare økonomi og meir
folkevald styring over lokalpolitikken. Svært mange avgjerder som får
innverknad på kommunane blir tatt i større og meir regionale fora, der små
kommunar har lite dei skulle ha sagt. Det er lite demokratisk.
Kommunesamanslåing er verkemiddelet for meir demokrati og betre tenester,
seier Eikeland.
Til saman har Arna og Osterøy om lag 20.000 innbyggjarar. Det vil i så fall
gjera den nye kommunen til den fjerde største i fylket og hamna kring 50.
plass på lista over dei største kommunane i heile landet.
Lite makt
— Har Arna så mykje å tena på å slå seg saman med ein fattig kommune?
— Ja, det er eg ikkje i tvil om. Arna i Bergen kan ein samanlikna med Noreg i
EU. Ein har liten påverknad på politikken lokalt, seier Eikeland.
Han har fått med seg at Arna-politikarane er misnøgde med makta dei har i dag.
Det gjeld både i bystyret, og ikkje minst i bydelsstyret, som knapt nok har
saker å behandla.
— Arna har mange dyktige politikarar som i for liten grad når gjennom med
sakene og synspunkta sine. Politisk vil Arna koma langt betre ut ved å slå
seg saman med ein eller fleire mindre kommunar i regionen rundt Bergen,
seier Eikeland.
Må synka inn
Det er ikkje berre Arna Eikeland vil slå Osterøy saman med. Også Vaksdal og
Samnanger kan passa godt saman i den nye storkommunen, som dermed vil få vel
25.000 innbyggjarar.
— Arna hadde vorte ei politisk stormakt i ein slik ny storkommune. Trur du til
dømes ostringane er klare for å gje frå seg mykje politisk makt til Arna?
— Godt spørsmål. Tanken vil nok vera framand for mange i starten, men eg trur
også svært mange vil ha stor sans for dette alt no. Etter å tenkt meir
grundig gjennom det og ha late det synka inn, trur eg faktisk dei fleste vil
vera positive. Både politisk og økonomisk vil dette vera svært bra for alle
partar, seier Eikeland.
Bergen vil tapa
— Trur du Bergen kommune vil la Arna «gå»?
— Sikkert ikkje, og det skuldast sjølvsagt at Bergen kommune økonomisk har for
mykje å tapa på det. Dersom Bergen hadde gått med underskot i Arna, hadde
nok pipen hatt ein annan lyd, smiler Eikeland.
Han har heller ikkje noko imot at det nye kommunesenteret kan liggja i Arna.
— Nei, for Osterøy er dette ingen høg pris å betala for å få ein endå meir
framtidsretta og attraktiv kommune både å bu i og å driva næringsverksemd i.
— Trur du for alvor at dette er mogeleg å få til?
— Ja, elles hadde eg aldri tatt til orde for denne tanken, seier Eikeland.