DYRT OG NÆRT: Senterleiar Torodd Iversen ved Øyrane Torg trur ein del kundar er villige til å betala 20 kroner for å stå inntil ein time rett framfor senterinngangen.
Foto: Ronny Bertelsen
"Eg har fått tilbakemeldingar frå kundar som har litt store og dyre bilar
om at dei gjerne kan betala nokre kroner for å unngå at døra til nabobilen
kjem borti bilen deira.
Om få dagar innfører Øyrane Torg nye reglar for parkeringa ved senteret. Den
største endringa er at parkeringsplassane rett utanfor Narvesen blir såkalla
ekspressplassar. Her kan ein stå inntil ein time dersom ein er villig til å
betala 20 kroner for det. For den prisen får du også ein litt breiare
parkeringsplass enn det som er vanleg på senteret.
Vil betala
Senterleiaren reknar ikkje med at det blir kamp om betalingsplassane, men han
er sikker på at ein del kundar vil bruka dei.
— Eg har fått tilbakemeldingar frå kundar som har litt store og dyre bilar om
at dei gjerne kan betala nokre kroner for å unngå at døra til nabobilen kjem
borti bilen deira. Desse plassane vil bli attraktive for er dei som av ulike
årsaker ønskjer kort veg frå senteret til bilen.
— Tener senteret så lite at de treng ei ekstrainntekt?
— For det første har senteret berre utgifter med dette. Inntektene er det
parkeringsselskapet som får. Vi ønskjer å gjera dette for å yta endå betre
service til kundane.
Båt-betaling
Senterleiaren ønskjer også båtfolket velkomen til å handla, men dei må no
betala for å bruka bryggja til senteret. Iversen trur ikkje ein tiar for ein
time vil skremma mange frå å handla på Øyrane Torg. Men aller helst hadde
han sett at det ikkje hadde vore nødvendig.
— Vi må gjera det fordi det er nokon som tar seg til rette på bryggja. Ein båt
har lagt i eit år utan lov, medan andre forsvinn etter at vi har kontakta
eigaren, for så koma tilbake eit par dagar seinare. No kjem dei til å få ein
bot på 700 kroner, og taksameteret byrjar også å gå. Vi har brukt pengar på
denne brygga fordi vi ønskjer at det alltid skal vera ledige plassar til
handlande som kjem sjøvegen, seier Iversen.
Kaotisk
Nytt er det også at det har vorte parkering forbode langs vegen forbi
senteret. Her blir det kaotisk når det står bilar parkerte på båe sider av
vegen og det kjem store varebilar for å levera varer.
Alt i dag er det forbode å røyka ved inngangspartia til senteret, men no blir
dette ytterlegare skjerpa inn.
— Er du samd i at senteret er i ferd med å bli gjennomregulert når det gjeld
skilt med alt som er forbode?
— No gjer vi dette for å betra servicen for kundane våre, men eg er samd i at
det har vorte ein del skilt her no. Det går ei grense for kor mykje vi bør
regulera, men vi er ikkje over den grensa. Når det er sagt, så er samfunnet
i dag gjennomregulert med lover og regler. Dei aller fleste er vande med å
innretta seg etter regelverket, og bøter må vi ha fordi ikkje alle vil
innretta seg, seier Iversen.