Idrettstomta 23 gonger dyrare



Gulating lagmannsrett har i ein fersk dom slått fast at prisen på delar av tomtekjøpet til nytt idrettsanlegg i Arna var for låg. No må Bergen kommune ut med sju millionar kroner meir.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
FOR BILLIG: Bergen kommune må ut med sju millionar kroner meir for delar av tomtekjøpet til idrettsanlegget på Seimsmyrane.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 02. jul. 2010, 08:01
Oppdatert: 02. jul. 2010, 08:06


Det er overskjønnet i Gulating lagmannsrett som har behandla ankesaka, og utfallet av dommen er at Bergen kommune må betale 350 kroner per kvadratmeter for idrettsdelen av tomta. Lagmannsretten sin dom var 15 kroner per kvadratmeter. I tillegg må kommunen dekka alle advokatutgifter.

400.000,- til advokatar
Kostnaden for utløysing av eigedomen aukar dermed til sju millionar kroner, medan advokatutgiftene er nesten 400.000 kroner.

Byrådet skriv i ein kommentar til dommen at dersom han blir ståande, er dette ei endring av dei prinsipp som har vore gjeldande for kjøp av eigedom til idrettsføremål, noko som vil kunna medføra store økonomiske konsekvensar for framtidige kjøp av grunn til idrettsføremål, skriv byrådet. På den bakgrunn vurderer kommunen å anka dommen.

Vurderinga til lagmannsretten var at for det som gjeld arealet Opplysningsvesenets Fond selde, ville det vore grunn til å rekna med at delar av området hadde blitt brukt til utbygging om reguleringa til idrettsanlegget ikkje hadde kome.

For 20 år sidan var det dialog mellom Bergen tomteselskap og Kyrkje- og undervisningsdepartementet med sikte på mellom anna kjøp av den delen av arealet som idrettsanlegget no er bygt på. Takstprisen som då blei forlangt var 50 kroner per kvadratmeter.

Planla truleg utbygging
Det blei imidlertid ikkje noko av salet ettersom tomteselskapet slo fast at prisen var i strid med den tomtegrunnpolitikk som blei ført av andre departement og av Bergen kommune.

Retten slår fast at korrespondansen viser at den planlagte bruken av området på dette tidspunktet var utbygging, og det er etter retten si meining ikkje haldepunkt for at kommunen på den tida meinte at areala måtte sikrast til fritidsføremål.

Retten nemner også at heile arealet er nesten 200 dekar, medan arealet til idrettsanlegget er om lag 20 dekar. Dermed går retten ut frå at tomtelandet var planlagt brukt til utbyggingsformål. Arealet er sentrumsnært og veleigna til utbygging på grunn av at det ligg nær skule, offentleg veg, jernbane og andre bustadområde. Dessutan ønskjer folk i større grad å bu på denne sida av Arnavågen enn på motsett side. Marknadsinteressa ville vore retta mot Seimshola og fått gjennomslag i form av omregulering av fondet sitt areal.

Marknadspris
For den delen av tomta som låg på Inger Seim sin eigedom kan ikkje lagmannsretten sjå at arealet, slik det framstår i dag, har nokon målbar bruksverdi. Spørsmålet blir kva vanlege kjøparar ville gitt ved frivillig sal, og retten meiner det ville vore etterspørsel i marknaden etter eit så sentralt plassert areal.

Aktuell utnytting ville vore sal til mellom anna idrettslag eller andre aktørar som kunne ha brukt delar av området til treningsbane, eller tilrettelegging for andre aktivitetar.

Retten meiner difor at arealet i 2007 kunne vore seld for 35 kroner per kvadratmeter, altså meir enn det dobbelte av kva kommunen betalte. For den delen av eigedomen som deler av administrasjonsbygget for idrettsanlegget er bygt på, blir prisen sett til 350 kroner per kvadratmeter.

Tips eller tilbakemelding i saka? Kontakt journalisten!





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt