-Ein spenstig tanke



Både leiaren i bydelsstyret i Arna og ordføraren i Osterøy tykkjer det er ein spenstig tanke å slå saman Arna og Osterøy i ein kommune. Men båe tviler på at det let seg gjennomføra.


Klikk for større bilde
 - Sindre Øye Helgheim
IKKJE HEILT SAMDE: Dei to politiske leiarane på båe sider av brua er ikkje heilt samde om kor god idé det er å slå saman Arna og Osterøy.
Foto: Sindre Øye Helgheim


Publisert: 02. jul. 2010, 08:11
Oppdatert: 02. jul. 2010, 08:13


Bydelsstyreleiar Kristin Akselberg (Ap) er den av dei to som er mest skeptisk til tanken om å slå saman Arna og Osterøy. Først og fremst fordi ho reknar med at dei som bur i Arna stort sett er nøgde med tenestetilbodet dei får i dag, og det er heller ikkje sjølvsagt at dette blir betre om Arna slår seg saman med Osterøy.

Tenestetilbodet
Ho presiserer at Arna arbeidarpartilag ikkje har drøfta denne saka, og det er difor hennar eigne synspunkt ho kjem med.

— Det er først og fremst tenestetilbodet som er det viktigaste for dei fleste. Og det er særleg det som vil avgjera kor positive folk vil vera til ei samanslåing. Dei som bur i Arna trur eg også kjenner seg som bergensarar. Forslaget er spenstig, men det er nok lite sannsynleg at det let seg gjennomføra, seier Akselberg.

— Men politisk kjem vel Arna bydelsstyre dårleg ut, med sakskart som både er tynne og kjedelege?

— Eg er ikkje samd i at Arna bydelsstyre kjem spesielt dårleg ut politisk i høve dei andre bydelsstyra. Eg har snakka med fleire medlemmer i dei andre bydelsstyra som også meiner sakskarta er tynne. Arna går nok ikkje ut av Bergen på den bakgrunnen, smiler Akselberg.

Les vår leiar: Arna ut or Bergen

Fornuftig
Osterøy-ordførar Kari F. Aakre tilhøyrer same parti som både Akselberg og Tore Eikeland, som i tysdagsavisa tok til orde for ei samanslåing av Arna og Osterøy. Aakre har lenge likt denne tanken.

— Dette er ikkje nye tankar, men dei er likevel gode. Ei samanslåing av Arna og Osterøy er fornuftig av ei rekkje årsaker, og dersom også Vaksdal og Samnanger blir med, er det berre ei føremon. Det blir kanskje ikkje den heilt store rasjonaliseringsvinsten, men det kan mellom anna utløysa ekstra overføringar frå staten grunna folketalet i den nye storkommunen, seier Aakre.

— Er det aktuelt for Osterøy berre å slå seg saman med Vaksdal og Samnanger?

— Nei, Arna må med. Det blir ulogisk at ein må kjøra via ein annan kommune for å koma til resten av sin eigen kommune. Arna er ein heilt sentral del av den nye storkommunen, seier Aakre.

Neppe realistisk
— Trur du ei lausriving av Arna er mogeleg å få til?

— Bergen vil neppe gje slepp på Arna, og det spørst kva dei seier i Oslo til dette. Tankane om samanslåing er spennande, men truleg urealistiske, seier Aakre.

Og det har ho truleg rett i. I 1980 hadde Arna folkerøysting om å bli skild ut frå Bergen kommune, og heile 80 prosent røysta for å skilja Arna ut som eigen kommune. Stortinget overstyrte resultatet av folkerøystinga og sa nei til at Arna fekk bli eigen kommune.

For fem år sidan kom ei arbeidsgruppe med forslag om å slå saman Arna, Osterøy, Vaksdal og Samnanger til det dei hadde døypt for Oster kommune.

Tips eller tilbakemelding om kommunesamanslåing? Kontakt journalisten!





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt