Garnes må betala, Tunes går fri. Toro og Janus må ut med fleire hundre tusen
kroner, men Asko slepp unna.
MÅ BETALA: Hekken midt i biletet ligg på grensa mellom Garnes og Tunes. Her går også grensa for kven som må betala eigedomsskatt og kven som slepp unna. Bustaden til høgre ligg på Tunes, bustaden til venstre på Garnes.
Foto: Ronny Bertelsen
Svært mange av dei som bur i utkanten av Arna slepp betala eigedomsskatt.
Gardsnummera som fell innanfor eigedomsskattegrensa følgjer Arnavågen på båe
sider og strekk seg eit godt stykke innover Arnadalen i ein tarm.
Både brei og smal
Sjølv om tarmen er brei nok til å sveipa med seg dei fleste som bur på
Arnatveit, inkludert bedrifter som Torofabrikken, er tarmen likevel så smal
at Asko fell utanfor. Den store garden med nummer 289 inkluderer også
giganteigedomen til Janus Holding AS på den eine sida av Hardangervegen og
næringsbygget på den andre sida av vegen. Alle må betala eigedomsskatt.
Rieber & Søn ASA opplyser til Bygdanytt at dei må ut med om lag 300.000 kroner
i eigedomsskatt på eigedomen sin. Bygningsmassen er om lag 36.000
kvadratmeter.
Asko sitt bygg er på 35.000 kvadratmeter og har kosta om lag 10.000 kroner per
kvadratmeter å byggja. Totalt vel 350 millionar kroner. Dersom Asko hadde
falle innanfor grensa for eigedomsskatt, er det ikkje unaturleg at dei hadde
måtta betala om lag det same som Torofabrikken.
Sparer tusener
Også blant dei private bustadane i Arna blir det nokre ulogiske skiljeliner
mellom dei ulike bygdene. Lovverket seier at ein kommune kan innføra
eigedomsskatt på alle eigedomar i heile kommunen, avgrensa det til område
som er bymessig utbygd, berre på «verk og bruk» (bedrifter) eller både på
«verk og bruk» og eigedomar i bymessig utbygde område.
Eit døme på kvar ei av grensene i Arna går er mellom Garnes og Tunes.
Eigedomane som ligg på Garnes betalar eigedomsskatt, medan eigedomar som
ligg på Tunes ikkje gjer det. Det fører til at det berre er få meter mellom
kven som betalar og kven som ikkje betalar.
Skatten går ned
Det er sjølvsagt store skilnader på kor mykje kvar husstand betalar i
eigedomsskatt, men mange i Bergen betalar mellom 4.000 og 5.000 kroner årleg.
Dei som bur i bustader bygd etter 1961 kan sjå fram til alt frå litt lågare
til mykje lågare eigedomsskatt i 2010. Bystyret har vedtatt å redusera
takstgrunnlaget for bustadeigedomar bygd i perioden frå 1961 og fram til i
dag. Størst reduksjon får bustadane som er bygde frå og med 1985.