Fylkesmannen vil
ha odelsfrigjering



Fylkesmannen i Hordaland var ikkje samd med politikarane i at odelsretten må vega tyngst i saka om odelsfrigjering på Hartveit. Omsynet til driftsrasjonalisering må vega tyngre, meiner fylkesmannen.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
KAN LIKEVEL FÅ GARDEN: Arne M. Hartveit tapte då fylkeslandbruksstyret behandla saka om odelsfrigjering av nabogarden hans. No har Fylkesmannen i Hordaland sagt at Hartveit bør få overta nabogarden på odelsfrigjering. Dermed må saka avgjerast av Statens landbruksforvaltning.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 14. jul. 2010, 10:10
Oppdatert: 14. jul. 2010, 10:10


Bør Arne Mæstad Hartveit, som driv ein større gard på Hartveit, få ja på søknaden om odelsfrigjering, slik at han kan kjøpa naboeigedomen som tilleggsjord? Eller bør dei som har odel til den omtvista garden få overta bruket på odel?

Ja, nei og ja
Landbruksavdelinga til fylkesmannen peika på Hartveit som rette mann til å overta garden, medan politikarane stod hardt på odelsretten. Klagesaka skulle eigentleg avgjerast av Statens landbruksforvaltning, men dei sende saka tilbake til Fylkesmannen i Hordaland for klagebehandling. Først etter dette kan Statens landbruksforvaltning ta stilling til kven som har rett.

Og fylkesmannen støttar si eiga underavdeling. Han er heilt samd i at odelsfrigjering kan innvilgast når det ikkje er tvil om at omsynet til odelsrettshavarane må vika fordi det gjennom salet vert oppnådd ei god driftsmessig løysing. Fylkesmannen meiner rasjonaliseringsvinsten i denne saka er stor, og den nye driftsbygninga til Hartveit gjev grunnlag for ei vesentleg meir kostnadseffektiv drift enn om ein legg til grunn fortsatt sjølvstendig drift på nabobruket - med den kostnaden det vil vera å setja bygninga i tidsmessig stand til landbruksdrift med dyrehald.

Kan klaga
Trass i at odelsløysaren ønskjer å busetja seg på eigedomen, er ikkje dette eit avgjerande moment i saka. Odelsløysaren har heller ikkje best odelsrett til bruket. Også to av dei andre odelsrettshavarane til eigedomen har gått imot at det vert gjeve løyve til odelsfrigjering.

Fylkesmannen opplyser at han har vurdert bruksrasjonaliseringa, omsynet til odelsløysaren, dei andre odelsrettshavarane og odelsretten som rettsinstitutt. Etter å ha vurdert alle relevante moment i saka har han kome fram til at søknaden om odelsfrigjering kan innvilgast, særleg fordi han legg vekt på omsynet til bruksrasjonaliseringa som har funne stad.

Sjølv om fylkesmannen tar klagen frå Hartveit til følgje, kan odelshavarane klaga denne avgjera inn for Statens landbruksforvaltning innan 10. august.

Ikkje overraska
Ragnar Tyssebotn (Frp) frå Osterøy var med å behandla saka i fylkeslandbruksstyret, og han er ikkje overraska over at byråkratane ikkje tar omsyn til eit samrøystes vedtak i fylkeslandbruksstyret.

— Nei, som vanleg bryr ikkje administrasjonen seg om politiske vedtak. Då vi behandla saka hadde vi funksjonen som Fylkesmannen i Hordaland. No har altså fylkesmannen overprøvd sitt overordna organ. Eg reknar med at dette vedtaket vil bli følgt opp av det gamle fylkeslandbruksstyret, seier Tyssebotn.

Han presiserer at han ville vore samd med fylkesmannen dersom garden hadde vore så liten at han ikkje hadde vore levedyktig. Slik er det ikkje, meiner Tyssebotn.

— Dette er ein levedyktig gard, men heile saka fekk feil utfall då administrasjonen i Osterøy kommune behandla ho. Byråkratar skal ikkje driva politikk, men ein del gonger sviktar det. Slik skal vi ikkje ha det, seier Tyssebotn.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt