13 år gamle Thomas Skjerping gjorde store auge då han ved tolvtida laurdag såg
ein sel som hadde tatt plass på ei flytebryggje like ved familien sitt hus
på Votlo.
SEL PÅ BESØK: Denne steinkobbeungen kosa seg på flytebryggja på Votlo.
Foto: Thomas Skjerping
— Eg sprang straks inn for å henta fotoapparatet. Men då eg kom ut att, blei
han redd og stakk ut i vatnet, fortel 13-åringen. Men sjøpattedyret treivst
tydeleg på treplankane. Berre ein halvtime seinare var han nemleg attende.
— Då låg han der ei stund, så eg fekk tatt bilete av han, seier Thomas
Skjerping.
På oppdrag frå Bygdanytt har faggruppa for sjøpattedyr ved
Havforskingsinstituttet sett på biletet Thomas tok. Dei understrekar at ein
ikkje kan vera heilt sikre på kva type sel det er snakk om, men konkluderer
med at det truleg er ein steinkobbeunge som har tatt turen til Votlo.
— Det er ingen kjende lokalitetar for steinkobbe i områda rundt Osterøy, men
det er ikkje uvanleg at enkeltdyr streifar omkring. Steinkobben legg seg
ofte opp på skjær og holmar, og vil nok ikkje ha problem med å koma seg opp
på ei flytebryggje, seier leiar Siri Hartvedt.