I fjor løyvde Stortinget 1,3 milliardar kroner ekstra til politiet. Målet var
mellom anna å styrkja bemanninga, få meir politi i gatene og auka
oppklaringsprosenten. Bergen Nord politistasjonsdistrikt fekk éi ny
stilling. Neste år må dei kutta tre.
Det høyrest så fint ut kvar gong Regjeringa og stortingsfleirtalet skryt av
den auka satsinga på ulike felt. I fjor var det politiet sin tur. No viser
det seg at teori og praksis ikkje heng saman. Ei stor investering i nytt
datasystem for etaten fører til kutt over heile landet. Politiet i Arna,
Osterøy og Åsane må skjera ned med rundt ein og ein halv million kroner frå
2011. Det tilsvarar tre heile stillingar.
Politistasjonssjef Magnus Stub Nilsen vil gjera det han kan for at reduksjonen
ikkje skal føra til mindre mannskap i gatene. Likevel er det klart at slike
kutt vil måtta ramma det lokale politiarbeidet. Resultatet kan bli at endå
færre saker blir oppklara.
Det er ein klar tendens til at det å løysa kriminalsaker blir meir og meir
ressurskrevjande. Kravet til dokumentasjon, bevis og metodar i
politiarbeidet er svært strenge. Samstundes blir ein del av kriminaliteten
utført på andre arenaer enn før ved hjelp av datateknikk og avansert
teknologi. Å avsløra enkelte lovbrot krev omfattande spesialkompetanse. På
toppen av dette kjem det faktumet at samfunnet blir meir og meir
internasjonalt – med opnare grenser, stor innvandring og nærmast fri flyt av
arbeidskraft. Dei som ønskjer å utnytta dette systemet til kriminelle
handlingar, har eit stort spelerom.
Ei slik samfunnsutvikling krev kraftig styrking av politiet for at ein skal
kunna oppretthalda det nivået på tenestene som er nødvendig. I staden går
det no motsett veg. Det er tragisk – og gjev eit dårleg signal til publikum.
Lov og orden må opprioriterast, ikkje svekkast!