Dei siste førebuingane er i gang på nye Osterøy vidaregåande skule. Elevane
kan venta seg ein topp moderne utdanningsinstitusjon når dei møter til
første skuledag 18. august.
FELLESAREALET: Eit flott atrium er det første ein møter når ein kjem inn hovudinngangen.
Foto: Snorre Bang Utaker
Frå den første vidaregåande klassen på Osterøy vart oppretta i 1978 til det
nye bygget no står klart på Hatland, har vegen vore lang for skuleleiing og
elevar. Etter å ha halde til i leigde lokale med dårleg standard, opplevd
flaum og fleire forslag om nedlegging, blei det endeleg vedtatt ny skule i
2005. To år seinare vart det bestemt at skulen skulle stå ferdig til
skulestart 2010.
Større fagtilbod
— Eg gler meg veldig og har sommarfuglar i magen. Det blir svært kjekt når
skulen står klar og vi kan ta imot elevane, seier rektor Aud Søilen.
Prislappen på det fylkeskommunale bygget har auka frå 80 til 117 millionar
kroner. I tillegg kjem tannklinikken på rundt 6 millionar som også er ein
del av bygget. Skulen framstår i dag som eit topp moderne anlegg, som vil gi
elevane fleire val enn tidlegare. Fagtilbodet er utvida, i tillegg er
fasilitetane betre og tilpassa dagens krav.
— Eg håpar og trur at med ein ny skule og eit utvida fagtilbod så vil fleire
av ungdommane halda seg på Osterøy - og sleppa å dra til Bergen for å ta
vidaregåande der. Bygget gjer det også lettare å leggja til rette for
digitaliseringa i skulen, seier ho.
Kapasitet til 214 elevar
— Vi får betre plass og svært flotte og lyse lokale. Det nye fellesrommet blir
veldig kjekt - og vil fungera som ein sosial møteplass, seier Søilen om
atriumet like innanfor hovudinngangen.
I 2009 tok skulen inn 128 elevar, men ved skulestart 2010 reknar Søilen med at
det vil bli om lag 180 av ein total kapasitet på 214. Desse kan velja mellom
fem program. Mellom anna satsar skulen sterkt på å bli eit kompetansesenter
for opplæring til den mekaniske industrien. I tillegg vil det vera ein
klasse i kvardagslivstrening og ein i arbeidstrening.