Berit Borge orienterte onsdag Osterøy formannskap om at ho ikkje lenger er
medlem i Frp. Bakgrunnen for utmeldinga er svært spesiell.
SUSPENDERT: Berit Borge er suspendert frå Osterøy Frp. Ho har reagert med å melda seg ut, og blir truleg uavhengig representant i heradsstyret det neste året.
Foto: Ronny Bertelsen
Publisert: 27. aug. 2010, 09:52
Oppdatert: 27. aug. 2010, 09:52
Berit Borge vart valt inn i heradsstyret for sju år sidan. Då var det partiet
som ønskte at ho skulle stå på lista deira til kommunevalet, og det ønskte
også veljarane. Ho vart attvalt for tre år sidan.
Uavhengig
Sjølv om ho ikkje lenger er medlem i Frp er ho framleis representant i
heradsstyret og medlem i formannskapet, der dei aller fleste sakene blir
avgjorte. Skilnaden er at ho no er uavhengig representant og kan røysta
akkurat slik ho ønskjer.
Berit Borge var få timar etter formannskapsmøtet lite lysten på å fortelja
bakgrunnen for at ho har meldt seg ut av partiet. Den informasjonen meiner
ho leiaren i Osterøy Frp, Kim André Hartveit, bør koma med. Men då Bygdanytt
kontaktar Hartveit, seier han:
— Ingen kommenter.
— Kvifor ikkje?
— Vi har drøfta saka i partiet og bestemt at vi ikkje kjem til å kommentera
ho, seier leiaren.
Suspendert
Ettersom partiet avviser å gje informasjon, går Borge med på å forklara kva
som har skjedd.
— Eg melde meg ut då eg fekk brev frå partiet om at eg var suspendert frå
verva mine. Det var eit stort sjokk, for forklaringa var at eg hadde brukt
vervet som leiar i nominasjonskomiteen til å fremja mitt eige kandidatur til
kommunevalet neste år. Frp meinte eg hadde gått bak ryggen på dei og
undergrave vedtak i partiet. Å få eit slik «takk for innsatsen» etter dei
sju åra eg har stått på seint og tidleg for Frp var så urettvist at eg hadde
det svært tungt i dagane etter, seier Borge.
Bak ryggen
Bakgrunnen for partiet sitt syn, er at Borge har søkt om å få levera inn
nominasjonslista i alfabetisk rekkjefølgje. Ho forklarer dette med at det
dermed er opp til nominasjonsmøtet å ta stilling til den prioriterte
rekkjefølgja. Nominasjonskomiteen sin jobb blir difor avgrensa til å skaffa
namn på lista.
— Med ei alfabetisk liste hamnar du sjølv svært høgt oppe. Burde du ikkje
tenkt på dette?
— For det første har eg av personlege årsaker bestemt meg for ikkje å ta fire
nye år i heradsstyret. Hadde partiet tatt kontakt med meg for å få ei
forklaring, hadde eg opplyst dette til dei. For det andre meiner eg at også
tidlegare nominasjonskomitear har levert alfabetisk liste, og dermed gjekk
eg ut frå at det var dette som var det vanlege, seier Borge.
Må stoppa
— Gjev du deg utan å kjempa for ditt politiske liv i partiet?
— Både ja og nei. Eg vil sjølvsagt krevja at heile suspensjonssaka skal
stoppast før det har vorte eit tema i Frp sentralt. Det er ikkje noko kjekt
å ha på ein politisk CV at ein har vorte suspendert frå verva. Eg kan leggja
til at også advokaten min vart overraska over suspensjonen, som han meiner
er grunnlaus. Eg ønskjer også at partiet beklagar det som har skjedd. Dersom
eg får innfridd krava, vil eg vurdera å melda meg innatt, seier Borge.
— Er nominasjonssaka den einaste forklaringa du har fått?
— Nei, men slik eg har forstått det, er det dette som er hovudårsaka. Dei
skriv også at eg heller ikkje har møtt på eit einaste styremøte. Men eg er
berre varamedlem til styret og pliktar difor ikkje å møta, seier Borge.
Ho legg til at det må vera minst like viktig for Frp at ho skjøttar sine
folkevalde verv, og i heradsstyret reknar ho med at ho har møtt på ni av ti
møte desse åra.
Intern sak
Berit Borge opplyser at ho har drøfta denne saka med andre, og dei har reagert
sterkt.
— Sjokk og vantru er reaksjonane. Dei trur Frp kjem til å tapa mykje ved neste
val dersom denne saka blir kjent. Og det er vel det som no skjer. Det er
trist, for eg sympatiserer framleis med politikken til partiet.
Sjølv om Osterøy Frp ønskjer å suspendera og til slutt ekskludera Borge, er
det ei sak som må behandlast av partiet sine høgare organ. Men det er ikkje
berre i Osterøy Frp det er taust. Organisatorisk nestleiar i Hordaland Frp,
Gustav Bahus ønskjer heller ikkje å kommentera saka.
— Dette er noko vi tar internt i partiet og ikkje i Bygdanytt sine spalter, er
Bahus sin korte kommentar.