Osterøy Frp avviser at partiet har suspendert Berit Borge, slik ho seier til
Bygdanytt.
UAVHENGIG REPRESENTANT: Berit Borge melde seg ut av Frp då ho fekk vita at ho ikkje lenger var ønskt i lokallaget på Osterøy. Suspensjonssaka vart aldri ferdigbehandla, hevdar partiet. Biletet er frå formannskapet sist veke, der Borge no er frittståande representant.
Foto: Ronny Bertelsen
Publisert: 31. aug. 2010, 10:16
Oppdatert: 31. aug. 2010, 10:16
I fredagsavisa
avviste både leiaren i Osterøy Frp og den organisatoriske nestleiaren i
Hordaland Frp å kommentera at Berit Borge har meldt seg ut av partiet fordi
ho er suspendert frå alle verv. Partiet ser framleis på saka som ei
personalsak, men ønskjer å oppklara det dei meiner er fakta.
Ikkje behandla
— Vi kan sjølvsagt ikkje kommentera personalsaker gjennom media, og difor kan
vi ikkje koma inn på detaljar. Men når Berit Borge seier til Bygdanytt at ho
har vorte suspendert fra Osterøy FrP, så er ikkje det rett. Faktum er at FrP
aldri kom så langt at partiet fekk behandla saka i fylkesstyret. For Osterøy
Frp har ikkje mandat til å suspendera eit medlem. Lokallagspartiet kan berre
vedta forslag om suspensjon og aktiv utmelding. Dette blir deretter behandla
i fylkesstyret. Det er også eit faktum at Osterøy Frp i eit brev til Borge
spurde om ho frivillig ville avstå frå vidare verv og arbeid internt i
Osterøy Frp fram til saka var ferdig behandla. Dette avslo Borge, som i
staden valde å melda seg ut, seier leiar i Osterøy Frp, Kim Andrè Hartveit
til Bygdanytt.
Ikkje leiar
— Blir denne saka behandla i partiet sjølv om ho har meldt seg ut?
— Nei. Når eit medlem trekkjer seg, stoppar sjølvsagt all vidare
saksbehandling opp. Ho har heller ikkje lenger sine interne verv i partiet.
Hartveit avviser også at Borge er valt til leiar i nominasjonskomiteen.
— Det er feil. Årsmøtet valde dei som skulle vera med i nominasjonskomiteen i
tråd med reglane, men det vart ikkje vald nokon leiar for denne gruppa på
møtet. Val av leiar i nominasjonskomiteen på årsmøtet ville i tillegg vore i
strid med dei interne reglane i Frp. Det er styret som har ansvar for å
konstituera nominasjonskomiteen. På det konstituerande møtet blir leiar og
sekretær valde. Dette møtet var opphaveleg lagt til i går. Dermed har altså
Berit Borge vald seg sjølv til leiar i nominasjonskomiteen. Det er i alle
høve det ho seier til Bygdanytt, seier Hartveit.
Ikkje alfabetisk
— Stemmer det at det ikkje er uvanleg at Osterøy Frp bruker alfabetiske
nominasjonslister?
— Nei, dette er også feil. Det er i strid med regelverket i partiet å bruka
alfabetisk liste ved nominasjon, og det er berre svært små lokallag som får
lov til dette. Borge vart skriftleg informert frå sentralleiinga om at
Osterøy Frp ikkje hadde lov å bruka alfabetisk liste, seier Hartveit.
— Er det litt leit at eit av partiet sine medlemmer i formannskapet ikkje
lenger er med i partiet?
— Vi nøyer oss med å registrera at Borge på formannskapsmøtet onsdag i førre
veke røysta mot forslaga Frp la fram, trass i at ho sjølv har vore med på å
utarbeida partiet sitt standpunkt i fleire av sakene. Vi kan vel ut frå
dette berre konkludera med at Berit Borge ønskjer å skada partiet
ytterlegare med sine handlingar. Vi håpar ho hugsar på at det er veljarane
til partiet som valde ho inn i heradsstyret, og det er Osterøy sine
innbyggjarar og næringsliv som blir skadelidande dersom ho no kjem til å
røysta mot Frp sine saker, seier Hartveit.