Samferdslebyråden vil gjera halve veterantoglinja om til sykkelsti. Det er det
vanskeleg å finna politisk støtte for – sjølv i byråden sitt eige parti.
SISTE STOPP: Om byråden får det som han vil, kan veterantoget på den gamle vossebana i framtida berre gå mellom Garnes og Haukeland. Resten av strekninga mot Midttun vil han gjera om til sykkelsti – inntil ei ny vegløysing forbi Grimevatnet er på plass.
Foto: Sindre Øye Helgheim
Politikarane har hatt 14 år på å finna alternativ, meiner veterantogsjefen.
Leiar i Museet Gamle Vossebanen, Ivar Gubberud, fekk kulturvernprisen for
arbeidet med veterantoget i september i fjor. Då var det finansbyråd Henning
Warloe (H) som delte ut prisen – og eitt år seinare opplever han at den nye
finansbyråden vil kutta nesten halve strekninga.
— Det verste med dette er at det kjem slike utspel som korkje er forhandla
eller drøfta på førehand. Det verkar lite gjennomtenkt og viser manglande
kontinuitet i politikken i kommunen, seier Gubberud.
Han har vore med på slike debattar før.
— Det var trass alt ei svært grundig politisk behandling av dette i 1996. Då
gjekk 82 av 85 i bystyret, eit overveldane fleirtal, inn for å støtta det
veterantoget har i dag. Sidan det har ein hatt 14 år på å finna andre
løysingar for sykkelsti på denne strekninga, seier ein oppgitt museumssjef.
Måndag kunne ein lesa på bt.no
at byråd for næring, eiendomsforvaltning og samferdsel Øistein
Christoffersen (Frp) vil at skinande damplokomotiv skal bytast ut med
reflekskledde syklistar på veterantogstrekninga mellom Haukeland og Midttun.
— Det er eit spesielt trafikkfarleg område. Ved å gjera denne traséen om til
sykkelsti vil vi unngå dette. Omlegginga kan også gjerast utan at det går ut
over bilistane, seier Christoffersen til bt.no.
Han vil i staden at det skal gå ut over veterantoget mellom Garnes og Midtun,
som har ei historie tilbake til 1883. Av ei toglinje på totalt 18 kilometer
vil byråden at omlag åtte skal setjast av til sykkeltrasé.
Mellombels ordning
Til Bygdanytt seier Christoffersen at det først og fremst er snakk om ei
mellombels løysing.
— Dette handlar om trafikksikring, der vi har store utfordringar i Bergen. Ein
av plassane vi har størst utfordring er Grimesvingane, og vi ser at her har
vi eit areal som kan brukast til noko anna enn i dag. Men her må alle partar
sine interesser ivaretakast. I framtida har vi planar om å byggja ringveg
aust i dette området, men vi må sjå på i kva grad det er mogeleg å ta i bruk
veterantoglinja fram til ei permanent løysing er på plass, seier han.
Byråden opplyser at forslaget i første omgang er eit politisk utspel, men at
det kan enda opp som ei sak i framtida.
— Ja, det må ein nesten venta. No skal vi undersøkja kva mogelegheiter det
finst for dette, og vi skal ta med folka i Museet Gamle Vossebanen i
arbeidet, seier Christoffersen.
Dersom forslaget skulle koma til avstemming i bystyret, kan det per i dag sjå
ut til at byråden vil få lite støtte.
Lita støtte frå byrådspartia
Samarbeidspartia til Frp i byrådet, KrF og Høgre, synest ikkje dette er eit
godt forslag.
— Eg har registrert utspelet og synest dette er ein dårleg idé. Det
veterantogmiljøet vi har klart å etablera i Bergen er velkjent, ikkje berre
i Noreg og Norden, men i heile Europa. Det bør vi arbeida for å bevara,
seier gruppeleiar Trygve Birkeland i KrF.
— Eg har ikkje fått sett meg noko nærmare inn i saka, men i utgangspunktet er
eg skeptisk til forslaget, seier Hilde Onarheim, Høgre sin gruppeleiar.
Heller ikkje opposisjonen i Bergen jublar over tanken om å korta ned den gamle
Vossebana. Gruppeleiar i SV, Oddny Miljeteig, seier det er arnabu Lillian
Blom som vil avgjera partiet sitt standpunkt i ei eventuell bystyresak.
— Sykkelveg i Grimesvingane er viktig, men kvifor skal det gå utover noko anna
som er så bra? Nei, dette blir som å tissa i buksa for å halda seg varm.
Einvegskøyring gjennom heile Grimesvingane er eit betre forslag, seier Blom
sarkastisk.
— Ei enkel løysing, men ikkje ei god ei. Dette er ein populær attraksjon, og
eg tvilar på om kulturvernstyresmaktene vil gå med på noko slikt, seier
gruppeleiar Hans-Carl Tveit (V).
Frp-skepsis
Heller ikkje i eigne rekkjer får Christoffersen applaus. Frp sin gruppeleiar,
Tor A. Woldseth, seier at saka ikkje er diskutert enno.
— Det er ein konkliktfylt situasjon å gjera noko slikt. Eg veit ikkje om
trasévalet er det beste, og stiller meg avventande til idéen.
Ordførar og partikollega Gunnar Bakke frå Arna er meir positiv.
— Idéen bør utgreiast for å sjå om jernbanetraséen kan brukast i ein
mellomfase, men det er ei naudløysing til den ideelle ordninga, som er
ringveg aust, kjem på plass. Men ein sykkelsti må bli laga slik at han ikkje
øydelegg togskinnene. Dei må kunna tilbakeførast i framtida, seier han.