Nye sjefar på plass



Her er dei to nye sektorleiarane i Osterøy. Ivar Sandgren er ny sjef innan oppvekst, undervisning og kultur, medan Mette Fauskanger fekk jobben som sjef for helse, omsorg og sosial.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
HEILT NYE: Ivar Sandgren har alt vore i sjefsstolen eit par veker, medan Mette Fauskanger starta i sin nye jobb i rådhuset onsdag denne veka. Dei gler seg til å ta fatt på dei store oppgåvene med å få mest mogeleg tenestetilbod ut av dei stramme budsjetta dei har.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 03. sep. 2010, 09:19
Oppdatert: 03. sep. 2010, 09:22


Osterøy kommune lyste i vår ut båe sjefsjobbane, og etter at prosessen med å finna dei rette var over, sat Sandgren og Fauskanger igjen som rådmannen sine utvalde.

Buf-direktør
53-åringen Sandgren kjem frå jobben som avdelingsdirektør i Bufetat region vest, der han har vore tilsett i om lag seks år. Før dette var han om lag like lenge personal- og organisasjonssjef i Fjell kommune, der han også i to år var tilsett i oppvekstetaten.

Sandgren er ikkje ukjent på Osterøy. Han bur på Valestrand, der han har, og har hatt, ei rekkje tillitsverv i lokale organisasjonar. Frå 1986 til 1996 var han elles tilsett som personalsjef i Osterøy kommune.

38-åringen Mette Fauskanger har ein heilt annan bakgrunn. Ho kjem frå Sjøforsvarsstaben, der ho det siste året har vore stabsoffiser. Ho er sjukepleiarutdanna med mastergrad i leiing, og har jobba som sjukepleiar både på sjukehus, sjukeheim, i heimesjukepleie og legevakt. I tillegg har ho leia sanitetsavdelingar i forsvaret.

Varm velkomst
— Kvifor søkte du jobben i Osterøy kommune, Fauskanger?

— Eg var eigentleg ikkje på jakt etter ny jobb, men då eg las annonsen, kjende eg på meg at dette var ein jobb eg hadde lyst på. Kjempespennnande og svært utfordrande. Og tenestene eg blir sjef for er viktige for så mange. Eg fekk svært lyst til å vera med og bidra til at dei kan bli endå betre, sjølv om eg veit at budsjettet mitt er stramt, seier Fauskanger, som er svært takksam for den varme velkomsten ho har fått.

— Du har kurs i både stridsteknikk og sprenging frå Forsvaret. Trur du dette kan bli nyttig i Osterøy kommune?

— Ein kan aldri vita, ler Fauskanger, men legg litt meir alvorleg til at ho har lita tru på at ho får særleg bruk denne delen av bakgrunnen i sin nye jobb.

Freistande jobb
Ivar Sandgren reagerte på same måte då han såg at Osterøy var på jakt etter ein sjef for alle tenestene som har med born å gjera.

— Her var det snakk om ein ny og svært spennande måte å organisera tenestene for borna på, og eg konkluderte med at denne jobben verkeleg freista meg. Eg elskar nye utfordringar, seier Sandgren.

— Sjølv om oppvekstsekoren i kommunen går med underskot?

— Ja, er det ikkje utfordrande, ler Sandgren.

— Eg veit eg har dyktige folk med meg, og dei tilsette i kommunen gjer ein kjempejobb og trivst godt. Utgangspunktet er med andre svært bra med tanke på å få skuta på endå rettare kjøl enn ho alt er, seier Sandgren, som byrja i sin nye jobb for to veker sidan.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt