Fastlegane på Osterøy må vera legevakt kvart femte døgn heile året – i tillegg
til sin vanlege jobb. Ordninga vart for tøff for kommunelegen, som no har
sagt seg opp.
SNART FERDIG: Kvart femte døgn må Torstein Ljones og dei andre fastlegane på Osterøy ha lange vakter på legevakta i kommunen – i tillegg til sin ordinære jobb. Det vart for tøft for kommunelegen sjølv, som no har sagt opp jobben sin. Her under svineinfluensavaksineringa på Osterøytunet i fjor.
Foto: Sindre Øye Helgheim
I eit brev til Osterøy kommune i sommar orienterte fastlege på Valestrand
legekontor, Torstein Ljones, om at han seier opp jobben sin som lege på øya.
Med det seier han også opp jobben som kommunelege, ei stilling han har vore
tilsett i sidan oktober 2008.
Ljones er ein av tre tilsette fastlegar på Valestrand og ein av totalt fem
fastlegar på Osterøy. Han sluttar i jobben så snart oppseiingsperioden er
over i slutten av oktober.
Jobbar 31 timar i strekk
Til Bygdanytt seier Ljones at han sluttar på grunn av legevaktordninga i
kommunen.
— Årsaka er at vaktbelastninga ved legevakta er for stor. Slik det er no må
ein vera på vakt kvart femte døgn gjennom heile året. Det betyr at du har di
daglege arbeidstid på legekontoret før du går inn som vakthavande på
legevakta, og er i beredskap til klokka 08.00 neste morgon. Og då skal du
som regel på jobb igjen, seier Ljones.
Og vaktbelastninga kan bli endå hardare enn det til tider.
— Du steppar gjerne inn for kollegaer og tar vakter for dei iblant. Om du vert
sjuk, kan det også bli slik at du likevel går på jobb, fordi du veit at
belastninga på andre legar vert stor om du ikkje kan ta vakta di, seier
kommunelegen.
Ljones understrekar at han har hatt ei svært fin tid som fastlege på Osterøy,
sidan han begynte som lege der i 2006.
— Eg har berre positive opplevingar i jobben, og både pasientar og kollegaer
er venlege og hyggelege. Alt anna er topp, men det er altså vaktbelastninga
som gjer at eg har teke denne avgjerda.
Vaktlegeordning fungerer slik at legane sit i beredskap i ei leilegheit som
kommunen disponerer. Legane går inn i eit femdelt vaktskift, der ein har
vakt frå klokka 15.30 til 08.00 neste dag om kvardagane og frå 08.00 til
08.00 i helgene. Herfrå rykkjer ein ut om det skjer akutte hendingar, i
tillegg til at folk kan oppsøkja legen i enkelte tilfelle. På dagtid vert
beredskapen dekka av fastlegane i vanleg kontorpraksis.
Inga ny problemstilling
Ljones vil ikkje kommentera om han trur ordninga er spesielt tøff på Osterøy.
— Det vil eg ikkje seia. Vi har alle ei oppfatning av om det er for mykje
eller for lite, og det vil vera ulikt frå person til person, seier Ljones,
og legg til at omsynet til familien har vege tungt når han no vel å slutta.
— Det er ein tankeprosess som har pågått ei stund, men eg har trivest så godt
i jobben at eg har lagt det litt til sides. Men no kom eg til eit punkt der
eg måtte ta eit val.
— Er det mogeleg at legane kan få færre vakter?
— Nei, det er nok vanskeleg. Dette er inga ny problemstilling, og leiinga i
kommunen veit at det er ei tung vaktbelastning ved legevakta.
— Er det noko kommunen likevel kan bli betre på i legevaktordninga?
— I dag er vi veldig sårbare i forhold til sjukdom, og ein kunne kanskje hatt
fleire vikarar i bakhand. Samtidig vil eg seia at vi er takksame for
turnuslegar som ofte er villige til å ta fleire vakter enn dei er sette opp
på. Turnuslegen på Osterøy er uvurderleg for vaktordninga.
No begynner Ljones, som bur på Nesttun, som fastlege ved Kokstad medisinske
senter.
Peikar på politikarane
At legar i mindre kommunar finn belastninga ved legevakta for tøff, er ikkje
noko nytt fenomen. Det fortel Gunnar Ramstad, leiar i Hordaland
legeforening.
— Dette har vore ein prosess over mange år i kommunar som ikkje har
vaktsamarbeid med andre. Der vert legevaktplikta ei stor belastning over
tid. Det er grunnen til at vi har framforhandla avtalar som gjer det mogeleg
med felles legevakt for fleire nabokommunar, seier han.
Han viser til dømes til Nordhordland legevakt, som er felles for Austrheim,
Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy. Dette gjev naturlegvis
også lengre tid mellom vaktene for legane i kommunane.
Ramstad har stor forståing for årsaka til at Ljones sluttar på Osterøy.
— Vakt kvar femte dag er mykje. Det er over 60 døgn på vakt i løpet av eit år.
Legeforeningen trur Osterøy er nøydd til å sjå mot Bergen, i mangel på andre
naturlege samarbeidspartnarar. Ramstad meiner det er politikarane som må
handla, og trur dei har lukka augene for problemet.
— Eg trur ikkje det handlar om mangel på vilje, men heller på forståing for
kor slitsamt dette er for kvar enkelt lege. I tillegg er ein som
lokalpolitikar gjerne uroa for at servicen forsvinn frå kommunen.
Ingen å samarbeida med
Alle nærliggjande kommunar har ordna seg med legevaktsamarbeid. Dermed står
Osterøy på eiga hand.
Det trekkjer rådmann Odd Ivar Øvregård fram som ei av årsakene til at
legevaktordninga er som ho er på Osterøy.
— Eg synest det er trist at Torstein Ljones no sluttar, men i dag ser verken
eg eller han andre alternativ enn den løysinga vi har, seier Øvregård.
Mellom fleire stolar
Det er avgrensa kor mange tilsette fastlegar ein kommune med 7.400
innbyggjarar kan ha – og dermed også kor mange som kan dela på døgnvaktene
ved legevakta.
— Skal vi ha færre vakter, må det fordelast på fleire, men Osterøy har ikkje
grunnlag for å ha fleire legar i kommunen.
Då ville løysinga eventuelt vore eit samarbeid med nabokommunane. Men der fell
Osterøy mellom fleire stolar.
I nord har nordhordlandskommunane slått seg saman, og her passar ikkje Osterøy
naturleg inn, meiner rådmannen.
— Legevakta er lokalisert i Knarvik, og det er litt upraktisk for oss, først
og fremst på grunn av geografien.
Mot sør og søraust har også naboane ordna seg med legevaktsamarbeid, fortel
Øvregård.
— Samnanger har orientert seg mot Os, og Vaksdal er meir naturleg vendt mot
Voss og samarbeid i den retninga.
Då gjenstår berre storebror i sør, som Osterøy fleire gonger tidlegare har
freista å få til avtale med.
— Ideelt sett ville eit samarbeid med Arna eller Åsane vore det beste for oss,
men på grunn av ordninga internt i Bergen kommune har det ikkje vore mogeleg
å få til dette, seier Øvregård.
Kva som skjer med kommunelegestillinga som snart blir ledig, er enno usikkert.
— Vi kan kanskje få til eit samarbeid med andre kommunar på kommunelegedelen.
Eller så får vi sjå om det eit ansvar ein av legane på øya, eller nye som
kjem inn, vil ha.