Ønskjer gang- og sykkelveg til Åsane



Både Geir Dale (Ap) og Harald Berge Breistein (KrF) vil ha fart på ideen om å byggja gang- og sykkelveg mellom Arna og Åsane. Det vil ikkje kommunen.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
DEN SMALE STI: Det er berre nokre få hundre meter mellom Ytre Arna og Breistein, men berre ein dårleg gangsti bind stadene saman. Det vil bystyrepolitikarane Harald Berge Breistein (th) og Geir Dale (Ap) gjera noko med. Båe vil kjempa for ein gang- og sykkelveg.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 17. jan. 2012, 09:39
Oppdatert: 17. jan. 2012, 09:42


Det er i dag berre nokre få hundre meter mellom Ytre Arna og Breistein som manglar veg. Ein dårleg gangsti er alt som bind bydelane saman. Det tykkjer ikkje Harald Berge Breistein er godt nok. Måndag 23. januar spør han byrådet om dei vil vurdera om det er mogeleg å etablera ein gang- og sykkelveg som eit samband mellom Breistein og Ytre Arna.

Labert samband
— Ein stad sin identitet, attraktivitet og bukvalitet blir sterkt påverka av både den offentlege infratrukturen på staden og kor tilgjengeleg staden er. Mellom Ytre Arna og Breistein er det berre om lag 500 meter i luftline, men fordi vegen manglar er det heller liten samanheng mellom bydelane. Det bør vi gjera noko med, seier Breistein.

Det er Geir Dale heilt samd i. Han har lenge kjempa for akkurat det same, og er svært glad for å ha fått ein representant frå eitt av byrådspartia med på laget.

Ikkje fleirtal
— Eg tok opp saka på førre møte i komite for miljø og byutvikling, men fekk ikkje fleirtal då. No ser det ut til at det kanskje kan bli fleirtal dersom vi tar saka opp att nok ein gong, seier Dale.

Harald Berge Breistein viser til at både Ytre Arna og Breistein er blant områda i Bergen som kjem svakt ut i levekårsundersøkinga. Difor ønskjer han at kommunen set i verk både kortsiktige og meir tidkrevjande tiltak for å betra på dette.

— Noko som raskt ville gitt betre turområde, lettare tilgang til offentlige tenester og langt betre vilkår for alle dei på sykkel er ein slik gang- og sykkelveg, seier Breistein.

Dårleg miljøpolitikk
Han trur fleire av dei som til dømes skal frå Arna til nord i Åsane og Nordhordland vil velja sykkelen dersom det blir etablert eit godt samband mellom bydelane.

— I dag er vegen mellom Arna og Åsane farleg, topografisk krevjande og gjev mange ekstra kilometer. Det er dårleg miljøpolitikk ikkje å byggja denne gang- og sykkelvegen, og det samsvarar heller ikkje med bystyret sine vedtatte sykkelstrategiar, seier Breistein.

At området blir meir attraktivt ved at det kjem eit nytt turområde nær både skog og sjø, tar Breistein med på kjøpet.

— Det same gjeld den betra tilgangen for innbyggjarane til offentlege tenester, ikkje minst helsestasjonen i Ytre Arna, seier han.

Ikkje prioritert
Også ein privatperson i Moldalia har tatt opp denne saka med kommunen. I eit brev til samferdsleavdelinga føreslår han ein slik gang- og sykkelveg.

Svaret frå kommunen gjev liten grunn til optimisme. Tiltaket er ikkje prioritert i Trafikksikringsplanen 2010-2013. Gang- og sykkelveg her ligg heller ikkje inne i kommunen sin vedtatte sykkelstrategi og er ikkje prioritert i Bergensprogrammet, er svaret frå kommunen.

— Men det kan vi gjera noko med. Eg veit at fleire politikarar i Arna har sans for denne ideen, så her bør vi slå oss saman og kjempa for noko som er eit svært godt tiltak for båe bydelane, seier Harald Berge Breistein.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt