Heile planavdelinga
pendlar til Osterøy



Rundt 350 personar pendlar dagleg til jobb på Osterøy. Mellom desse er heile planavdelinga til kommunen.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
LANG REISE: Dei må kanskje reisa langt for å koma seg på jobb i Osterøy kommune, alle dei tilsette på planavdelinga til Osterøy kommune. Men korkje Laura Ve (fv), Cato Dørmænen eller May Britt Nesje Hernes tykkjer reisa tar så lang tid.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 17. jan. 2012, 10:52
Oppdatert: 17. jan. 2012, 10:57


Nesten 2.500 personar har sin arbeidsplass på Osterøy. Av desse pendlar kvar sjuande frå ein annan kommune. Mellom dei er dei fire tilsette på planavdelinga på rådhuset.

Ikkje ein pendlar
Felles for alle fire er at dei bur i Bergen sentrum.

— Eg ser ikkje på meg sjølv som ein pendlar berre fordi eg reiser til ein annan kommune på jobb. Til det er tida eg bruker frå Bergen til Lonevåg for kort. I avstand er det rett nok nokre mil, men det er vel dei som bruker lenger tid enn meg på å koma seg på jobb i same kommune som dei bur, seier plansjef May Britt Nesje Hernes.

Ikkje bevisst
— Er det ein bevisst politikk frå kommunen si side at ingen på plankontoret bør vera ostringar?

— Nei, sjølvsagt ikkje. Vi ønskjer at dei best kvalifiserte skal jobba hos oss, og til no har dette vore personar frå fastlandet. Den neste kan like gjerne vera frå Osterøy som frå Bergen, forsikrar Hernes.

Dei andre på avdelinga er Cato Dørmænen og Laura Ve. Nieves Tur har for tida svangerskapspermisjon.

Både Ve og Dørmænen presiserer at det er tilfeldig at dei hamna på rådhuset i Osterøy.

— Det er så enkelt at det dukka opp ei ledig stilling her. Eg valde å søkja fordi jobben verka spennande, og eg trivst godt både på Osterøy og som kommunalt tilsett med gode kollegaer, seier Dørmænen.

Føremon
Alle trur det også kan vera ein føremon at dei ikkje har tilknyting til Osterøy.

— Det er kanskje ikkje alltid like enkelt å skulle behandla ein søknad frå ein som ein kjenner godt. Alle tilsette i ein offentleg administrasjon har eit lov- og regelverk å følgja, og baserer seg på fagleg skjønn, seier Ve.

Alle tre bruker om lag halvannan time i bil kvar dag på å koma seg til og frå jobb. Ingen av dei tykkjer det er for mykje.

— Det er mange som har ei reisetid som er minst like lang. Mange av desse står i kø storparten av tida. Eg slår på radioen, og før eg veit ordet av det er eg på Osterøy, seier Nesje Hernes.

Spennande oppgåver
— Kva er så bra med å jobba på planavdelinga til Osterøy?

— Fordi dette er ein mellomstor kommune tyder det ei rekkje spennande oppgåver der vi får brukt kompetansen vår på svært varierte prosjekt. Ikkje minst den spennande utviklinga Osterøy vil oppleva i åra som kjem, gjer det ekstra interessant å få vera med og forma lokale tiltak. Det er faktisk ganske mange som jobbar på rådhuset, men som bur i Bergen. Det same gjeld nok andre område i kommunen. Så det er opplagt at Osterøy er ein spennande stad å jobba også for dei som ikkje bur her, seier dei tre.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt