Norunn vart sjef
som 23-åring



Både i Arna og på Osterøy er det få kvinnelege sjefar i bedrifter med fleire enn ti tilsette. Norunn Lohne Lysen frå Arna vart sjef alt som 23-åring.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
BENSIN OG MAT: Norunn Lohne Lysen tok over som sjef for Lone bensin og storkiosk alt som 23-åring.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 20. jan. 2012, 10:41
Oppdatert: 20. jan. 2012, 10:41


Norunn måtte tenkja gjennom spørsmålet både ein og to gonger då faren Henry Lohne for om lag 15 år sidan spurde 23-åringen om ho ville overta som dagleg leiar for det som i dag heiter Lone bensin & storkiosk. Dette var den eine halvdelen av familien sine bedrifter. Den andre er Lone camping.

Mannsyrke
Ho gjekk frå ein jobb utan særleg ansvar i ein daglegvarebutikk til det motsette i familiebedrifta. Men heile ansvaret vart ikkje lagt på den unge kvinna med ein gong. Ho hadde med seg faren som styreformann.

Norunn Lohne Lysen fekk ein tøff start som leiar på ein bensinstasjon der brorparten av kundane var menn.

— Det var nesten så dei mannlege kundane ikkje trudde meg då eg sa at eg var sjefen. På den tida var det nesten ikkje kvinnelege sjefar på bensinstasjonane. Ja, det var knapt kvinnelege tilsette. Bil, bensin, oljeskift og liknande var ein manneting, ler Norunn.

Men kundane vart omsider vane med både denne endringa og at Norunn meir enn gjerne tilsette flinke kvinner i den mannsdominerte bransjen.

Lærte mykje
Drifta av bensinstasjonen gjekk bra, og den ferske sjefen storkoste seg i sin nye jobb. Det var svært mykje å gjera, men ho lærte fort.

Så ville lagnaden at det dukka opp eit ledig lokale i bygget ved sida av. Her måtte det vera mogeleg å driva ein kafê med fokus på heimelaga mat, meinte Norunn. Så i år 2000 starta ho og mora Gjertrud opp Mormors kjøkken AS. Etter det har både omsetnaden og utgiftene gått i bølgjedalar, og fleire av åra har talet under streken vore negativt. Men sjefen sjølv har ståltru på at det vil snu.

— Sjølv om denne investeringa ikkje har vore noka gullgruve til no, har eg tru på konseptet med god og heimelaga mat. Vi kan ikkje gje opp så lett, smiler Lysen.

Gode tal
— Det er ingen tvil om at det er steintøft å starta opp nye bedrifter. Så tøft at statistikk viser at to av tre gjev opp innan fem år. Så eg skjønar at mange vegrar seg for å gå i gang, seier ho.

Tala til bensinstasjonen er langt hyggjelegare lesing. Med få unntak har denne bedrifta gått med fleire hundre tusen kroner i pluss kvart einaste år. Det skuldast ikkje først og fremst drivstoffsalet, men at mange av kundane også kjøper med seg noko frå storkiosken.

Dei siste åra har bensinstasjonen vore på topp fem-lista til Shell, og det har ført Norunn og mannen ut på svært hyggjelege turar utanlands saman med mange andre i kjeda.

Inspirasjon
— Dette er både påfyll av «drivstoff» og ein kjempestor inspirasjon. Når det står på som verst med å oppfylla alle krava styremaktene stiller til oss, hender det at ein har lyst til å gje opp. Det varer aldri lenge, for det er utruleg gjevande å driva ei bedrift. Og når ein får slike oppmuntringar fordi ein yter god service til kundane, så gløymer ein alt det mindre positive raskt, smiler Norunn Lohne Lysen.

— Trur du det er arbeidsmengda og ansvaret som gjer at langt færre kvinner enn menn er å finna i sjefsstolane?

— Arbeidsmengda meir enn ansvaret. Å vera sjef er ingen åtte til fire-jobb. Arbeidet må gjerast, om det så er om kvelden, i helga eller i høgtider som jul og påske. Eg skjønar at mange kvinner vegrar seg for å vera sjef, ikkje minst fordi dette vil gå ut over familielivet.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt