Stor framgang på
nasjonale prøvar



Lesing er nøkkelen.


Klikk for større bilde
 - Lars Sveinung Lid
GODT NØGD: Rektor på Osterøy Ungdomsskule, Tor Arne Aasen, gler seg over dei gode resultata til elevane. — Det er nok ikkje gjort nokon revolusjonerande endringar her. Men me jobbar med å ha eit langsiktig, treårig fokus på den enkelte elev, seier han. Aasen ser på dei nasjonale prøvane som ein naturleg reiskap å måla kunnskap på, men åtvarar mot å stira seg blind på desimalar. Danielsen Ungdomsskule er også med i statistikken.
Foto: Lars Sveinung Lid


Publisert: 20. jan. 2012, 10:56
Oppdatert: 20. jan. 2012, 10:56


Sidan nasjonale prøvar vart innførte hausten 2007, har grunnskuleelevar i Osterøy lege langt under landsgjennomsnittet. Resultata frå prøvane i 2011 viser at dette er i endring.

Framgang over heile fjøla
5. klassingane på Osterøy er no like flinke til å lesa og rekna som resten av landet, og har hatt ein framgang i begge faga. 8. klassingane ligg framleis litt under snittet, men resultatet er mykje betre enn fjoråret. 9.klassingane låg over landsnittet i både rekning og lesing i fjor, og går endå meir fram i år.

Ingen hokus pokus
— Når det gjeld nasjonale prøvar, har me jobba målretta med opplæringa sidan desse vart innførte, fortel Ivar Sandgren, leiar for oppvekst og kultur i Osterøy kommune.

— Det systematiske arbeidet over tid syner resultat. Gradvis nærmar me oss landsgjennomsnittet, og det er me svært nøgde med.

Satsar tidleg
Sandgren fortel at tiltaka som er sette i verk er samansette.

— Det er viktig at perspektiva våre er langsiktige. Det er ikkje noko trylleformular her, men resultata kjem med godt arbeid rundt på dei enkelte skulane for å betra grunnleggjande ferdigheiter hjå elevane.

Sandgren fortel at kommunen set inn store ressursar på å få elevane til å knekkja lesekoden så tidleg som mogleg.

— Me har laga ny plan for overgangen frå barnehage til skule, som fokuserer på dette. Di tidlegare elevane greier å lesa, di lettare blir det for dei å rekna og å læra språk.

Lesesatsing i barnehagen
Mange barnehagar på Osterøy satsar no mykje på bøker og høgtlesing, noko Sandgren trur kommunen kjem til å nyta godt av i åra framover.

— Barnehagane har no byrja å låna ut bøker, og i tillegg har me bokbussen. Det er svært viktig at born får eit forhold til bøker og språk før dei byrjar på skulen.

Tar ikkje av
Sandgren understrekar at desse nasjonale prøvane ikkje måler alt, og at det kan vera individuelle variasjonar frå kull til kull.

— Det er berre ein ting som nyttar i lengda, og det er hardt, målretta arbeid. Men eg er veldig glad for at pilane no går i rett retning, og ønskjer å berømma pedagogane i kommunen for godt arbeid.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt