Gjekk inn for den
billegaste løysinga



Formannskapet i Osterøy vedtok onsdag at rådmannen skal jobba vidare med alternativet som inneber høge skjeringar i Vesetgjelet. Men dersom dette av ulike årsaker ikkje let seg gjennomføra, ønskjer formannskapet ein tunnel.


Klikk for større bilde
 - Skisse: Norconsult
Alternativ D er det billegaste og mest aktuelle for ny veg forbi Vesetgjelet på Osterøy. Men då må eit eller to hus rivast.
Foto: Skisse: Norconsult


Publisert: 24. jan. 2012, 11:28
Oppdatert: 27. jan. 2012, 11:11


Det vart eit val mellom pest og kolera for medlemmene i formannskapet, då dei onsdag skulle ta stilling til kva alternativ Osterøy kommune skal jobba vidare med når det skal lagast reguleringsplan for den nye vegen. For det var ulemper med alle fem forslaga. Og for å gjera vala endå vanskelegare kom Ragnar Tyssebotn (Frp) med eit sjette alternativ.

Stygt eller dyrt

Dei fem alternativa som kommunen og Statens vegvesen har vurdert, inneber anten skjeringar eller fyllingar som kan bli skjemmande - eller ein dyr tunnel. Rådmannen meinte alternativet med dobbel skjering, som også er det billegaste, truleg vil vera den beste løysinga. Dette var eit stort fleirtal i formannskapet samd med han i, men dei var skeptiske dersom dette kom til å innebera riving av hus.

Rådmannen fekk difor signal frå formannskapet om at kommunen bør gå i dialog med dei grunneigarane som blir sterkast råka. Dersom det billegaste alternativet ikkje lar seg realisera, er formannskapet innstilt på å velja eit alternativ som medfører tunnel. Det vil i så fall kosta 160 millionar kroner, 50 millionar meir enn alternativet med skjeringar.

Bygdanytt har snakka med fleire av grunneigarane i området, og bodskapen frå dei er stort sett den same. Alle etterlyser betre informasjon frå kommunen. Dette tok også Ingemar Tepstad (H) opp onsdag, men rådmannen presiserte at det er 1 ½ - 2 år til planen er ferdig, og at grunneigarane i to omgangar før dette får uttala seg om forslaget.

Nytt alternativ

Også heradsstyret skal ta stilling til kva alternativ planavdelinga til kommunen skal jobba vidare med, og Ragnar Tyssebotn (Frp) forsikrar overfor Bygdanytt at han nok ein gong kjem til å føreslå tunnel gjennom Vindåsen i staden for skjering gjennom Kolabakken, som er alternativ D.

— Dette er det beste og billegaste alternativet. Ved å byggja tunnelen like stor som Tirsåstunnelen, altså mindre enn det Statens vegvesen seier, vil prosjektet samla kosta like under 70 millionar kroner. Det kjem ei fylling, men denne kan lagast slik at ho blir ein naturleg del av landskapet. Eg håpar heradsstyret vil vurdera dette alternativet langt meir seriøst enn det formannskapet gjorde. Grunneigarar i Vesetgjelet er positive til forslaget, seier Tyssebotn.

Bruvikveg i fare

For verkeleg å gjera valet til politikarane vanskeleg, antyda rådmannen at eit dyrt alternativ i Vesetgjelet kan få konsekvensar for Bruvikvegen. I klartekst tyder det at det neppe vil vera mogeleg å skaffa nok pengar til både å byggja ein dyr veg øvst i Mjeldalen og få ein skikkeleg veg til Bruvik.

Det siste har vorte særleg viktig for kommunen, som no skal jobba for å overta heile bustadprosjektet i bygda. Eit prosjekt dei eig saman med andre grunneigarar.

— Det blir ein kamp om vegkronene her. Eit alternativ som kostar meir enn 120-150 millionar kroner kan raskt innebera delvis bompengefinansiering. Vi kan sjå for oss ei ny osterøypakke med vegbygging og bompengebidrag, sa Odd Ivar Øvregård til formannskapet.

Dei fire grunneigarane som var tilhøyrarar onsdag valde førebels ikkje å kommentera saka overfor Bygdanytt, men det var tydeleg at dei ikkje likte vedtaket til formannskapet.

Link til saksdokumenta finn du her.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt